Balansekonferansen 2024-2025: Junior

14
.
November
2024
17:00
120
Balansekonferansen Junior

Det er kjent at fråfallet frå den organiserte idretten er stort blant ungdommar, men visste du at det er fleire jenter enn gutar som sluttar med idrett i ungdomstida?

Og det er kanskje ikkje så rart - gjennom puberteten endrar jentekroppen seg mykje, skadehyppigheita er høg, og kanskje står ikkje idrettstilbodet og forventningar til jenter heilt i stil med dei ambisjonane som mange jenter har. 

Nettverket Balanse inviterer difor deg som er trenar, leiar eller som berre er veldig interessert i idrett til ein kveld med fokus på den kvinnelege junior-utøvaren. Vi håpar kvelden vil gje deg både inspirasjon og verktøy som kan brukast til å løfte fleire kVinner i idretten.

Dato14.november 2024

Tidspunkt: 17:00-20:15

Stad: Litteraturhuset i Bergen

 

Program: 

17.00 Registrering

17.30 Opning
v/Natalia Golis, Vestland Idrettskrets

17.45 Ein samtale om det å vere ung  i dag
v/utøvarane Martine Waage og Magnus Hartwig Hesjedal

Korleiser det eigentleg å vere ung jente i dag? Gjennom ein samtale med to unge utøvarar, Martine Waage og Magnus Hartwig Hesjedal, skal vi få eit innblikk i kva utfordringar juniorar i dag møter på, både i og utanfor idretten. Pubertet, forventningspress, skadeproblematikk og sosiale mediar er sentrale stikkord.  

18.00 Om pubertet og prestasjon                                                
v/Hilde Stokvold Gundersen, Høgskulen på Vestlandet

Under puberteten skjer der store kroppslege endringar hos både gutar og jenter. Mens utviklinga hos gutar er vist at gjev betre fysiske forutsetningar til å drive idrett, er det mindre forska på korleis puberteten påverkar prestasjon hos jenter. Kva veit vi eigentleg om jenters pubertet og prestasjon? Og kva bør du som er trenar, klubbleiar eller føresett vere særleg obs på i denne perioden? I dette innlegget gjev førsteamanuensis Hilde Stokvold Gundersen oss eit innblikk i kva pubertet eigentleg betyr for idrettsjenter.

18.20 PAUSE

19.00 Jentervil mer 2.0 – en studie om pubertet og skadeforebygging
v/Siv Skard, Norges Handelshøyskole

I 2022 gjennomførte SPV og NHH ei undersøking om motivasjon, ambisjonar og identitetblant spelarar, foreldre og trenarar i ungdomsfotballen i Hordaland. Eit av dei sentrale funna gav grunnlaget for kampanjen «Jenter vil mer». No er oppfølgingsundersøkinga gjennomført, og i dette foredraget får du høyre litt om funna. Denne gangen har vi utvida undersøkinga til Rogaland og Sogn og Fjordane, og vi har også stilt spørsmål om pubertet og skadeførebygging. Lurer du på om jenter vil meir også i Rogaland og Sogn og Fjordane, eller er du nysgjerrig på om gutar og jenter blir behandla ulikt når det gjeld individuelt tilpassa treningsprogram, stabilitetstrening og styrketrening? Har ungdom, foreldre og trenarar ulike førestillingar om kva som er «rett og galt» om pubertet, menstruasjon og skadeførebygging? Mange av svara ligger i de nye dataene som presenterast av professor Siv Skard i dette foredraget.

19.20 Jenter i balanse – om førebygging av vanlege idrettsskadar hos jenteutøvaren
v/Julie Langeland Risa, Straume Fysioterapi

Forsking viser at jenteutøvarar rapporterer helseplager oftare enn det gutar gjer. Krossbandsskadar, stressfrakturar og patellofemoralt smertesyndrom er døme på skadar som hyppig opptrer hos jenter, og som i betydeleg grad kan påverke både moglegheiter og motivasjon til å delta i idrett. Korleis kan ein legge til rette for at den kvinnelege junior-utøvaren held seg skadefri, og korleis kan ein best mogleg ivareta utøvaren når uhellet er ute? I dette foredraget delar fysioterapeut Julie Langeland Risa sin kunnskap og sine råd med oss.  

19.40 Sofaprat: Korleis skapar vi balanse hos juniorutøvarane våre?

Vi samlar utøvaren, trenaren, idrettspolitikaren og samfunnsaktøren til å diskutere korleis vi kan støtte fleire junior-kVinner til å bli verande i idretten.

20.10:Avslutning

 

Meir informasjon om føredragshaldarane kjem! 

Arrangør: 

Balansekonferansen arrangerast av Balanse - eit nettverk som arbeider for å få fleire kvinner inn i idretten. Balanse består av Vestland Idrettskrets, NFF Hordaland, Norges Håndballforbund Region Vest og Idrettsklynge Vest. Sidan starten i 2018 har nettverket årleg arrangert konferansar om inkludering i idretten.

Vinteren 2024-2025 arrangerer Balanse heile tre konferansar, som kvar tek for seg ein epoke i kvinner sitt idrettsliv: 

  • 14.november: Junior
  • 30.januar: Senior
  • 6.mars: Masters

Følg med på Balanse på facebook eller meld deg på her, så vil du få informasjon om program og påmelding for dei to neste konferansane.

Tidligare Balansekonferansar har vore populære, så her er det lurt å vere ute i god tid med påmeldinga!
Du kjem til påmeldinga ved å klikke på den blå boksen i toppen av nettsida.

Vel møtt!