Idrettsklynge Vest
Idrettsklynge Vest er ein katalysator for samhandling på tvers av våre 8 aktørar, innafor idrett, fysisk aktivitet og folkehelse.
Kva gjer vi, eigentleg?
Vi legg til rette for møteplassar som sikrar kontinuerleg informasjonsutveksling, kunnskapsformidling- og utvikling på tvers av fagfelt og organisasjonar.
Vi opnar dører mellom sektorar fordi vi trur på at vi no og i framtida har alt å tene på å lære meir av kvarandre, og for å løyse komplekse samfunnsutfordringar må sette dei kloke hovuda med ulik kunnskap og ulike erfaringar saman. På denne måten utnyttar vi syngergipotensialet som ligg mellom organisasjonane .
Vi er også ein utfordrar som stimulerer aktørane til å tenke nytt om korleis dei løyser oppgåvene sine. Deltaking i våre møteplassar gir ikkje berre tilbake til fellesskapet, men kan også vere med å auke måloppnåinga i eigen organisasjon.
Idretten er ein viktig samfunnsaktør på fleire plan, fysisk aktivitet er avgjerande for vår folkehelse. Gjennom Idrettsklynge Vest har vi skapt ein felles plattform som skal styrke fagfeltet og auke status til idrett, fysisk aktivitet og folkehelse. Vi jobbar for å gjere Bergen og Vestlandet til ein leiande region på dette feltet som løyser viktige problemstillingar på ein ny og innovativ måte.
For vi veit det er styrke i samspel.
Ofte stilte spørsmål
Kva er visjonen til idrettsklynge Vest?
Styrke i samspel
Kva er målet til Idrettsklynge Vest?
Styrke samhandlinga kring idrett, fysisk aktivitet og folkehelse i Vestland gjennom å etablere møteplassar for kompetanseutvikling og -formidling
Kva er verdigrunnlaget til Idrettsklynge Vest?
Inspirerande
Vi stråler glede, energi og tru på ekstraordinære prestasjonar.
Kompetente
Vi evnar å dele vår leiande kompetanse, og lære av kvarandre.
Opne
Vi samarbeider og inkluderer på tvers av idrett, kultur og alder.
Nyskapande
Mot til å tenke nytt på tvers av idrettar og fag
Kva er Idrettsklynge Vest?
Ein katalysator for samhandling på tvers av hovudaktørane som skapar verdi både gjennom samarbeid og felles prosjekt.
Kva verkemiddel brukar Idrettsklynge Vest for å oppnå målet sitt?
- Kompetanseutvikling: Idrettsfagleg, medisinsk og arrangementskompetanse
- Utdanning og formidling: Heilskapleg og tverrfagleg
- Forsking og utvikling: Styrke nettverk, praksisretta FOU og stimulere til nytenking
- Ressursar og fasilitetar: Sambruk, deling og skape synergiar
Kor mange tilsette er det i Idrettsklynge Vest?
Idrettsklynge Vest har ein dagleg leiar ansatt i 100%. Elles bidreg alle involverte inn i møteplassar og prosjekt som ein del av si stilling i sine respektive organisasjonar. Er ikkje det både samfunnsøkonomisk og berekraftig?
Kvar held Idrettsklynge Vest til?
Idrettsklynge Vest sin daglege leiar har kontorplass på Idrettens hus i Fjøsangerveien 68. Men Idrettsklynge Vest lev i skjeringspunktet mellom alle sine respektive organisasjonar.
Kva er ein møteplass?
I møteplassane samlar vi folk og miljø med ulik kunnskap og erfaringar, på tvers av organisasjonar og fag for å møte felles utfordringar på ein ny og meir heilskapleg måte. Her lærer vi av kvarandre, og brukar den kunnskapen til å løyse ei utfordring eller skape noko nytt.
Kven eig prosjekta i Idrettsklynge Vest?
Godt spørsmål. Hensikta med Idrettsklynge Vest er å løyse utfordringar på tvers, derfor eigast prosjekta ofte av fleire – det viktigaste for oss er at vi saman kan gjere ein forskjell og løyse ei utfordring.
Korleis er Idrettsklynge Vest organisert?
Vi er organisert som eit ideelt AS der Vestland idrettskrets, Bergen kommune, Helse Bergen og Vestland fylkeskommune er aksjonærar. Universitet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Sportsklubben Brann og Olympiatoppen Vest er knytta til gjennom ein samarbeidsavtale mellom dei 8 aktørane som gir like rettigheiter og forpliktingar. Vi har eit styre, ein dagleg leiar, ei arbeidsgruppe og mange ulike møteplassar som er organisert slik:
Kven sit i styret til Idrettsklynge Vest?
Desse sit i styret:
- Jon Askeland (leiar), Fylkesordførar Vestland fylkeskommune
- Randi-Luise Møgster, Viseadministerande direktør Helse Bergen
- Nils R. Sandal, Styreleiar Vestland idrettskrets
- Pia Mørk Andreassen, Dagleg leiar Olympiatoppen Vest
- Aslak Sverdrup, Styreleiar Sportsklubben Brann
- Geir Kåre Resaland, Prorektor for regional utvikling Høgskulen på Vestlandet
- Gottfried Greve, Viserektor for innovasjon, satsinger og klynger Universitetet i Bergen
- Carl-Christian Stenrud, Avdelingsleiar idrett (SUU) Bergen kommune
Kven sit i arbeidsgruppa til Idrettsklynge Vest?
Desse sit i arbeidsgruppa:
Idrettsklynge Vest
Malene Joensen (leiar), Dagleg leiar
Vestland Fylkeskommune
Britt Karen Spjeld, Seksjonssjef Idrett og friluftsliv
Hanne Espe, Spesialrådgjevar idrett og friluftsliv (vara)
Håvard Ragnhildstveit, Seniorrådgjevar Opplæring og kompetanse
Bergen kommune
Frode Karlsen, Rådgjevar idrett (SUU) (vara)
Margrethe Moss-Iversen Lundegård - Folkehelserådgivar seksjon for plan og utvikling
Helse Bergen
Lars Peder Vatshelle Bovim, Leiar Energisenteret for barn og unge
Vestland Idrettskrets
Randi Marie Berntsen Farnes, Organisasjonssjef
Olympiatoppen Vest
Morten Ivarsen, Idrettsfagleg ansvarlig
Sportsklubben Brann
Christian Kalvenes, Dagleg leiar
Høgskulen på Vestlandet
Ane Kristiansen Solbraa, Assisterande instituttleiar Institutt for idrett kosthald og naturfag
Morten Kristoffersen, Førsteamanuensis Institutt for idrett kosthald og naturfag (vara)
Monica Wammen Nordtvedt, Prodekan for samhandling Institutt for helse- og sosialtvitskap
Gunnar Slettaløkken Falch, Fagseksjonsleder/Førsteamanuensis Fagseksjon Klinisk fysioterapi, Institutt for helse og funkson (vara)
Universitetet i Bergen
Silje Mæland, Førsteamanuensis Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Må ein vere ein del av ein av dei 8 organisasjonane for å delta i Idrettklynge Vest sine møteplassar?
Nei, i tilllegg til våre hovedaktørar har vi fleire samarbeidspartar som deltar inn i møteplassane og i ulike prosjekt.
Om eg har ein ide eller ei løysing til ei samfunnsutfordring – er Idrettsklynge Vest plassen å gå?
Ja, vi vil høyre om alle gode idear som kan løysast betre med samhandling innanfor Idrett, fysisk aktivitet og folkehelse. Ta gjerne kontakt.
Eg er student og skal skrive oppgåve – har Idrettsklynge Vest noko eg kan skrive om?
Det har vi absolutt, ta kontakt så tar vi det derfra!
Eg er lærar/emneansvarleg, og treng prosjektoppgåver – har Idrettsklynge Vest noko eg kan bruke?
Det vil vi gjerne bistå med, ta kontakt så tar vi det derfra.