Folkehelsekonferansen Vest 2024: Vi kan ikkje sitje stille lenger
Folkehelsekonferansen Vest 2024:
Vi kan ikkje sitje stille lenger
Fysisk aktivitet er bra for helsa. Stillesitting gir dårlegare helse.
Likevel er vi ikkje så aktive som vi bør vere – skal vi sitte stille å sjå på?
Folkehelsekonferansen Vest 2024 set søkelyset på fysisk aktivitet, og korleis vi kan inspirere til meir aktivitet. Det krev innsats av mange! Vi må tenke arkitektur og natur, idrett og politikk – kanskje bør vi få trening på blå resept?
Bli med og få ny kunnskap og forhåpentlegvis nokre tankevekkarar – som motiverer til handling.
Dato: 21.november
Tid: 09.00-15.50
Stad: Vestlandssalen, Vestlandshuset, Lars Hilles gate 22, Bergen eller strøyming
Der er studentbilletar!
Vi har eit spennande program for dagen - så her er det berre å melde seg på!
Konferansen arrangerast av Idrettsklynge Vest og Alrek Helseklynge, med Vestland Fylkeskommune og Kunnskapskommunen Helse Omsorg Vest som samarbeidspartnarar.