Konferanse: Trening og fysisk aktivitet for eldre
Vil du lære meir om kvifor og korleis eldre kan drive med trening og fysisk aktivitet?
Då må du få med deg konferansen "Fysisk aktivitet og trening for eldre"!
Stad: Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal
Auditorium Storen i Høgskulebygget 2.etg på HVL Campus Sogndal.
Dato: 26.september 2024
Tidspunkt: kl. 08.30-15.30
Påmelding: Klikk på den blå boksen "Påmelding" for å melde deg på
Påmeldingsfrist: 24.september
Program
08.30: Registrering
09.00: Velkommen
09.15: Kan trening bremse eller reversere aldring?
- Professor Vidar Andersen, Institutt for idrett, kosthald og naturfag Høgskulen på Vestlandet
10.00: Pause
10.15: Trening og hjernehelse
- Ole Petter Hjelle, lege og hjerneforskar
11.00: Leve med skrøpelighet
- Bård Bogen, fysioterapeut, Universitetet i Bergen og Haraldsplass Diakonale sykehus
11.45: Lunsj
12.45: Erfaringssesjonar
- Trim på hjul, Dag-André Mo, Systrening
- Kan ein app fremje fysisk aktivitet? Tom Erik Solstad, Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Høgskulen på Vestlandet
- Sofaprat, fleire bidragsytarar
- TBA
14.15: Pause
14.30: Kvinnehelse: Osteosarkopeni obesity syndrom
- Professor Atle Hole Sæterbakken, professor, Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Høgskulen på Vestlandet
15.15 - 15.30: Avslutning
Føredragshaldarar:
BÅRD BOGEN er utdanna fysioterapeut. Han jobbar som førsteamanuensis ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (Universitetet i Bergen) og som fysioterapeut ved Avdeling for rehabiliteringstjenester ved Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen. Han forskar blant anna på korleis ulike tilstandar som høyrselstap, demens og osteoporose påverkar bevegelse og funksjon hos eldre menneske.
OLE PETTER HJELLE er hjerneforskar, fastlege i Åsgårdstrand, forfattar og føredragshaldar med doktorgrad i nevrologi. Hjelle er kjent som «treningslegen», og har mellom anna gjeve ut bøkene Sterk hjerne med aktiv kropp (2018) og Lev til du blir 100 (2020).
VIDAR ANDERSEN er professor i idrettsvitskap ved Institutt for Idrett, Kosthald og Naturfag ved Høgskulen på Vestlandet. Andersen sitt forskingsfelt handlar om korleis trening og fysisk aktivitet påverkar kropp og prestasjon til ulike målgrupper.
ATLE H. SÆTERBAKKEN er professor i idrettsvitskap ved Institutt for Idrett, Kosthaldog Naturfag ved Høgskulen på Vestlandet. Sæterbakken sine forskingsfelt er treningsfysiologi, biomekanikk, prestasjon og helse. I 3 år leia han forskingsprosjektet som undersøkte effekta av styrketrening blant eldre og skrøpelige med heimetenester.
DAG-ANDRÉ MO er gründer, daglig leiar av Systrening og europamester i benkpress med et løft på 302,5kg. Si treningskunnskap- og erfaring har han tatt med seg på hjul, bokstavlig talt, gjennom konseptet «Trim på hjul» som besøkte eldre og tilbaud personleg trening og oppfølging. Med seg har Mo leiar for Balestrand pensjonistlag, ANNY URTEGÅRD, som var eigar av prosjektet.
TOM ERIK SOLSTAD er førstelektor i idrettsvitskap ved Institutt for idrett, kosthold og naturfag ved Høgskolen på Vestlandet. Solstad sitt forskingsfelt er hovudsakeleg styrketrening og prestasjon, men han har også ein forkjærleik for teknologi og duppedingsar som kan få folk meir fysisk aktiv eller prestere betre.