kVinner i idretten?!: Senior
Velkommen til Balansekonferansen 2024-2025:
kVinner i idretten?! Senior
Dato: 30.januar 2025
Tidspunkt: 17.00-20.15
Stad: Litteraturhuset i Bergen
Gjennom eit idrettsliv møter kvinner og jenter på utfordringar som "gutta" ofte slepp unna. Mensen, graviditet, hyppige korsbåndskader, overgangsalder, fødsel, REDs, lave forventningar og osteoporose for å nevne noko. Kanskje det difor ikkje er så rart at kvinner er mindre representert på idrettsbana, som trenara, dommara og i styrerommet?
Men må det vere sånn? I nettverket Balanse ønskjer vi å fremje ein likestilt idrett på alle nivå.
Vi trur at gjennom å utveksle erfaringar, kompetanse og gode idear, så kan vi inspirere kvarandre og støtte kvarandre til å finne dei gode løysingane, slik at vi får enda flere vinnere i på alle nivå i idretten – uansett kjønn.
Nettverket Balanse inviterer difor deg som er trenar, leiar eller som berre er veldig interessert i idrett til ein kveld med fokus på den kvinnelege senioren. Saman med våre dyktige foredragshaldarar tek vi opp tema som graviditet, i kva grad idretten let seg kombinere med morsrolla og korleis vi kan få fleire kvinner inn i sentrale roller i idretten.
Vi håpar kvelden vil gje deg både inspirasjon og verktøy som kan brukast til å løfte fleire kVinner i idretten.
Dørene opnar kl 17.00, medan programmet startar kl 18.00. Program og påmelding kjem snarleg!
Bak arrangementet står nettverket Balanse - eit nettverk for å få fleire kvinner i idretten. Nettverket består av Vestland Idrettskrets, NFF Hordaland, Norges Håndballforbund Region Vest og Idrettsklynge Vest.
Dørene opnar kl. 17:00, og sjølve programmet startar 17:30. Fordi vi ønsker å halde billettprisane nede, vert det ikkje matservering. Men er du svolten, serverer Colonialen Litteraturhuset god, varm lunsj fram til kl. 17.00. Det kan vere lurt å bestille bord på førehand.
Programmet publiserast her, samt på facebookarrangementet til konferansen om ikkje lenge.
Du meld deg på ved å klikke på den blå knappen "Påmelding" øverst på sida.
Vel møtt!