Arrangementskompetanse
Møteplassen Arrangementskompetanse er ein nettverksplass kor ein arbeider med å vidareutvikle Bergen og Vestland som arrangementsvertskap med vekt på internasjonale, nasjonale og lokale store arrangement.
Korleis kan ein auke kompetansen i regionen for innhenting og gjennomføring av større og mindre lokale, regionale, nasjonale og internasjonale arrangement i Vestland fylke? Korleis kan ein halde høg kvalitet innan arrangement?
Dette krev god infrastruktur, anlegg, arena og andre arrangementsområder av høg kvalitet, og arrangørar med god kompetanse innan gjennomføring, strategisk og god planlegging, forhandlingar, språk og media. Knytt til dette følgjer også utvikling av evalueringsarbeid og ringverknadsanalysar. Her står dei samfunnsøkonomiske elementa sentralt.
Erfaringsutveksling og kompetansedeling blant arrangørar innan idrett, friluft, kultur og næring er særskilt viktig i arbeidet med å nå målet for auka arrangementskompetanse i regionen. Styrke i samspel!