Ungdomsråd på tvers
I møteplassen Ungdomsråd på Tvers har vi samla representantar frå ungdomsråd blant våre organisasjonar og sett dei saman til eit felles ungdomsråd.
Med dette ynskjer vi å auke brukarmedverknad frå ei viktig målgruppe i og på tvers av organisasjonar i Idrettsklynge Vest. Brukarmedverknad er essensielt for at prosjekta Idrettsklynge Vest jobbar med skal vere berekraftige og levedyktige. Ungdomsråd på tvers er også ein arena for ungdommane å diskutere saker som er felles for fleire av ungdomsråda innan felta idrett, fysisk aktivitet og folkehelse og på den måten styrke kvarandre.