Korleis få fram talent og samtidig ivareta mennesket?
Kan det å fokusere meir på heile mennesket vere ein viktig suksessfaktor?
For å bli god i noko, må treningstimane leggast inn, men er det andre viktige faktorar som kan legge til rette for god talentutvikling, og som kan gjer at fleire held fram med idretten sin? Kva vil det sei å ha fokus på heile mennesket? Og korleis kan trenarar og foreldre i større grad ivareta dette?
I sofaen møter du sandvolleyball-kometen Anders Mol, 21 åringen frå Fusa som gjekk frå ung og lovande til rank nr. 1 i verden på under eit år, og som no er blant Hordaland sine medaljekandidatar til OL i Tokyo 2020. Helge Haugen, SK Brann sin toppspelarutviklar, Pia Mørk Andreassen, daglig leiar Olympiatoppen Vest Norge, Erlingur Sigurður Jóhannsson, professor Universitetet på Island og HVL, og Per Sjöberg – fagansvarlig Idrettspsykologi Olympiatoppen Vest Norge. Sofapraten vert leia av Randi Marie B Farnes – dagleg leiar Idrettscampus Bergen.