Alle med - Anerkjennande kroppsøvingsseminar

Torsdag 25.04.2024 arrangerte møteplassen Kroppsøving seminar med temaet "Annerkjennande kroppsøvingsseminar" ved Amalie Skram vidaregåande skule og Campus Sogndal HVL. Målet med seminaret var å inspirere til å skape eit miljø der alle, uavhengig av evne eller bakgrunn, kan oppleve glede og meistring i faget.

Milena Salazar
29
.
April
2024

Første del av programmet gjekk virtuelt med CampusSogndal på HVL. Dagen starta med Kjersti Mordal Moen som tok oss gjennom "Annerkjennelse som pedagogisk prinsipp – ulike perspektiver på roppsøvingsfaget".
Åge Lauritzen, førstelektor ved Institutt for idrett,kosthald og naturfag ved HVL campus Sogndal, presenterte eit spennande føredragom "Kroppsøving- eit lærings- og danningsfag". 

Kjersti Mordal Moen som presenterte "Annerkjennelse som pedagogisk prinsipp – ulike perspektiver på kroppsøvingsfaget"

Vidare fekk vi høyre om elevperspektiv ikroppsøvingsfaget. Eowyn Saus tok oss gjennom kva elevane eigentleg tenkjer omfaget, noko som var nyttig og interessant å høyre meir om. Etterpå fekk vi alleein overrasking då Merete Skadal presenterte ein Rap som imponerte salen.

Merete Skadal som presenterte eit imponerende innslag!

Rett før lunsj var det ein Sofaprat i regi av Randi Marie Farnes, der Eowyn Saus, Merete Skadal, Martin Kvalø, Håkon Sjursen og Kjersti Mordal Moen diskuterte og delte refleksjonar om temaet "Alle med-anerkjennande kroppsøving".

Fra venstre: Randi Marie Farnes, Eowyn Saus, Håkon Sjursen, Martin Kvalø, Merete Skadal og Kjersti Mordal Moen i Sofaprat.

 

Etter lunsj var det klart for den praktiske delen. I Sogndal fekk deltakarane høve til å vere med på "Inkluderande kroppsøving+ friidrett = sant?" med Magnus Kleppe eller "Naturopplevelse- eininkluderande praksis" med Odd Lennart Vikene.
På Amalie Skram var det nokon av deltakarane som blei med Jacob Gyring på Acroyoga, Svømming med Astri Antun Alves og "Dette er ikkje skikkelig gym!" med Merethe Skadal.

Flere deltaker ble med opp på Energisenteret, der Paul Joachim Bloch Thorsen presenterte premisser for meistring i fysisk aktivitetfor barn og unge med psykiske utfordringar. Avslutningsvis fekk deltakarane høve til å teste eit verktøy, som er under utvikling, med enkle øvingar som koplar kropp og sinn.

Bak arrangementet står mange dedikerte fagpersonar som gjennom møteplassen har nytta seg av nettverka sine og planlagt eit seminar med eit breitt innhald. - Dette er "styrke i samspel" i praksis, med ein tverrfagleg arbeidsgruppe som ivaretek ulike perspektiv.


Takk til alle som bidrog til eit lærerikt seminar og til alle som viste interesse og deltok!