Strategi 2025-2028
Endeleg er den nye strategien til Idrettsklynge Vest landa!
Strategi 2025-2028
I vår satt vi i gang ein prosess med å utvikle Idrettsklynge Vest sin strategi for dei komande åra. Under styremøte 3.desember 2024 vart Idrettsklynge Vest sin strategi for 2025-2028 vedtatt.
Vi ser no fram til ein spennande periode med mykje godt i vente!
Strategien består av fire hovudområder:
1) Strategisk fundament
Det strategiske fundamentet frå førre periode står sterkt, men eit par punkt er lagt til.
Virkemiddel: Vi nyttar samarbeid, samtale og sambruk til å skape styrke i samspel.
Tverrgåande fokusområder: Likestilling, mangfald og inkludering, Forskning og utvikling, Studentinvolvering og brukarmedverknad og berekraftsmåla skal prege alt arbeid vi gjer i Idrettsklynge Vest.
2) Mål, satsing og organisering for perioden
For perioden har Idrettsklynge Vest fem overordna mål, som kvar er konkretisert i fleire delmål.
Den nye møteplassen kVinnelaget er satsinga for perioden. Gjennom denne satsinga ønskjer vi å samle og styrke alt det gode arbeidet som er og kan kome knytta til kvinner i idrett, fysisk aktivitet og folkehelse.
3) Møteplassar
I perioden 2025-2028 vil det vere åtte møteplassar i perioden. kVinnelaget, IKV sitt kunnskap- og analyselag og Talent- og toppidrettsutvikling er våre nye møteplassar. Møteplassane Forsking og utvikling og Toppidrett vert avvikla. Møteplassen Paraidrett frå breidde til topp vil inngå som ei eiga undergruppe av møteplassen Knutepunktet.
4) Utvikling av klynga
I perioden vil det arbeidast med fem handleplanar som skal utvikle klynga og som skal hjelpe oss i å nå måla våre:
- Handleplan for intern forankring
- Handleplan for eksterne samarbeid
- Handleplan for synlegheit og kommunikasjon
- Handleplan for sambruk
- Handleplan for studentinvolvering
Du finn heile strategien her.
Arbeidet bak den nye strategien
Strategien er utarbeida av strategigruppa. Denne gruppa har vore leia av dagleg leiar, og har bestått av representantar frå dei fire aksjonærane: Martin Uthaug (Vestland Idrettskrets), Margrethe Lundegård (Bergen kommune), Lars Peder Bovim (Helse Bergen) og Britt Karen Spjeld (Vestland fylkeskommune).
Gruppa har hatt jamnlege møter gjennom året, og har basert arbeidet sitt på dei innspela som er komt fra klyngemedlemmer gjennom året. Sentralt er SWOT-analysen som vart utført av arbeidsgruppa våren 2024. Vidare har også dei mange gode innspela og ideane som kom fram under strategiworkshopen i mai 2024 vore viktige. Dette var ein workshop fasilitert av PwC, der møteplassleiarar, arbeidsgrupperepresentantar og styrerepresentantar møttast saman på Vestlandshuset for å diskutere retning for IKV. Tidlegare utkast til strategien har dessutan vore diskutert i møteplassleiarmøte, arbeidsgruppemøter og styremøter, og innspela som har kome her har også vore nyttige i strategiarbeidet.
Vegen vidare
No startar arbeidet med handleplanane og med å få dei nye møteplassane opp å gå - og sjølvsagt å fortsette det gode arbeidet som allereie gjerast i dei "gamle" møteplassane.
Dagleg leiar, Malene Joensen, ser fram til arbeidet:
"2025 blir utan tvil eit innhaldsrikt år! Med så mange dyktige og engasjerte folk knytta til Idrettsklynge Vest, kan det jo ikkje anna enn å bli bra!"
Ho takkar vidare for alle gode og konstruktive innspel i strategiprosessen, og gjev ein særleg takk til strategigruppa for jobben dei har gjort!