Vi kan ikkje sitje stille lenger!

Torsdag 21.november var det duka for Folkehelsekonferansen Vest 2024: Vi kan ikkje sitje stille lenger i Vestlandssalen.

29
.
November
2024
Folkehelsekonferansen 2024 logo

Etter ein lang (om)tur frå rådhuset til Vestlandssalen, via fleire av Bergen sine lågterskelaktivitetstilbod, kunne konferansier Cathrine Horn Sommersten torsdag 21.november endeleg ønske nærare 250 fysiske og virtuelle deltakarar velkommen til Folkehelsekonferansen Vest 2024: Vi kan ikkje sitje stille lenger!

Du finn føredragshaldarane sine presentasjonar og opptak av konferansen her.

Tallknusing til frukost

Dagen starta med bolken «Tallenes tale: Aktivitet, helse og forteneste» kor vi tokfor oss litt tal og statistikk knytta til folkehelse.
Først tok klyngeleiarar i Alrek Helseklynge, Berit Angelskår og dagleg leiar i Idrettsklynge Vest, Malene Joensen for seg nokon sentrale tal om aktivitetsnivået i regionen og landet:

  • Vi sitt i snitt 9.2 timar om dagen!
  • Berre 50% av norske 15-åringar oppfyller anbefalingane for fysisk aktivitet!
  • Men, 17-åringane i Vestland trenar meir enn landsgjennomsnittet
  • Nordfjordingane er litt meir aktive enn dei i Nordhordaland (… men begge blir slått av sogningane…)

Deretter fortalte Olov Belander frå Helsedirektoratet oss om Aktivitetskalkulatoren. Dette er eit verktøy som reiknar ut kor mykje vi kan spare om vi får folk i litt meir aktivitet. Hans viktigaste bodskap var:

  • Det er STORE samfunnsøkonomiske gevinstar av å auke fysisk aktivitet, særleg om ein får inaktive til å bli litt aktive.
  • Vi må synleggjere densamfunnsøkonomiske verdien av fysisk aktivitet for beslutningstakarar – og her kan kalkulatoren vere til stor hjelp!

Direktør i Folkehelseinstituttet, Guri Rørtveit, og seniorrådgjevar i Helsedirektoratet, Olov Belander, sit ikkje lenger stille! 

Sist ut i denne bolken var Henrik Romsaas frå Tromsø kommune. Han fortalte om korleis kommunen hadde jobba for å realisere friluftsområdet Tromsømarka. Friluftslivsområdet har gjort aktivitet lett tilgjengeleg for tromsøværingane, og har gjeve stor positiv innverknad på folkehelsa - noko dei også har synleggjort ovanfor beslutningstakatarane i kommunen:

  • For kvar person som aukar sin vekentlege aktivitet gjennom bruk av turstiar i Tromsømarka, oppnår ein verdi tilsvarande 60 kr per kilometer tursti.
  • Tromsømarka er ei viktig transportåre. Skulle alle som brukar Tromsømarka til og frå jobb og studiar heller køyrt bil, ville ein hatt ein bilkø på over 10 km!
  • Tromsømarka er dessutan ein viktig læringsarena, sosial møteplass og turistattraksjon – og dermed verdifull også for oppvekst-, inkluderings- og næringslivsorganisasjonar.  

 

I første pause vart boka "Dagsturhyttene Hordaland" lansert.
Dagsturhyttene er eit døme på eit godt folkehelsetiltak! 

Praksisstafettfor born og unge: Kva gode aktivitetstiltak for barn og unge finns i Vestland?


Etter fyrste pause fekk vi eit innblikk i gode aktivitetstiltak for barn og unge i Vestland. Fire aktivitetsaktørar hadde nemleg blitt utfordra til å delta i ein stafett. Her hadde kvar aktør fått ni minutt til å fortelje om sitt aktivitetstiltak, før dei måtte sende stafettpinnen vidare til neste.

Fyrstemann ut var Mathias Brekke Mandelid frå Høgskulen på Vestlandet. Han snakka om Fysisk Aktiv Læring. Dette er ein undervisningsmetode der ein brukar fysisk aktivitet som verkemiddel i undervisninga av teoretiske fag. Han hadde ei klar oppfordring: Vi må få meir aktivitet inn i skulen!

Lars Peder Bovim frå Energisenteret for barn og unge tok over stafettpinnen og fortalte om Idrettsklynge Vest-prosjektet Energikonsulenter – eit tiltak som skal støtte fleire barn og unge med særskilte behov til meistring og tryggheit i idrett. Kva må til for å lukkast med dette arbeidet? I følge Lars Peder må vi bli endå betre i å samarbeide på tvers av helse- og idrettssektoren, og vi må tørre og nokre gonger «trakke litt i utanfor vårt eige bedd» for å få ting til!

Cecilie Jelstad frå Aktive Gamere tok tredje etappe. Ho viste oss korleis gaming og e-sport kan bidra til MYKJE fysisk aktivitet – og kanskje særleg blant dei av oss som ikkje finn seg så godt til rette i tradisjonell idrett. Cecilie og resten av gjengen i Aktive Gamere jobbar med å gjere gaming og e-sport tilgjengeleg for alle på ein sunn og god måte.

Siste etappe tok Bjørn Tore Årøy frå IL Bjørn. Han viste oss blant anna korleis idrettslaget hadde arbeida med å realisere fleire idrettsanlegg, slik som ei motorbane og eit pumptrack-anlegg. Hans viktigaste råd for arbeid med anlegg var: 1) Lytt til målgruppa – kva ønskjer dei? 2) Gjer anlegget enkelt å bruke – både med tanke på lokalisering, opningstider og krav til medlemsskap, og 3) Snakk med kommune og fylkeskommune – forankring er viktig!

Gjengen i Aktive Gamere på plass i Vestlandssalen.
F.v.: Dan Jørgen Eide, Cecilie Jelstad og Bjørn Inge Nøkling

Har du eit folkehelsetiltak du vil dele med oss?
 
Klikk deg inn her, og del dine erfaringar!

Praksisstafettfor vakse og eldre: Kva gode aktivitetstiltak for vaksne og eldre finns i Vestland?

Etter ein deilig lunsj i kantina på Vestlandshuset, gjekk vi vidare til praksisstafetten for vaksne og eldre.

Første etappe tok Helle Aanensen frå Aktiv mot kreft. Her fikk vi høyre meir om Pusterommet og AktivInstruktør – to sentrale aktivitetstilbod for mennesker som har fått ein kreftdiagnose, og som fins i heile landet! Hennar bodskap: Sats på fysisk aktivitet - også i utredningsfasen av sjukdom!

Stafettpinnen gjekk deretter vidare til Anita Svarstad Greenland frå Frisklivssentralen i Askøy kommune. Ho fortalde om programmet «Aktiv senior» - eit lokalt seniortilbod som kombinerar ei fysisk treningsøkt med eit fellesmåltid for deltakarane. Ikkje undervurder kor viktig det sosiale fellesskapet er for å oppretthalde funksjon, understreka Anita.

Tredje etappe tok Bjart Nygaard frå GC Rieberfondene. Han fortalte om dei 13 dugnadsgjengane som fondet støttar. Dugnadsgjengane er grupper med (stort sett) eldre menn, som oppgraderer og fiksar turstiar og liknande i byfjellene. Dugnadsarbeidet fremjar fysisk og sosial helse både hos deltakarane, men også hos dei som brukar friluftslivområda. Med andre ord ein ekte vinn-vinn-situasjon!

Ingebjørg Erikstad frå Indre Sunnfjord Turlag tok siste etappe. Ho fortalte om korleis turlaget hadde arbeida for å få fleire seniorar ut på tur. Dei populære tysdagsturane (uansett vær!) var sentrale i dette arbeidet. Kreativitet var også eit stikkord  – Maleri på tur, Peer Gynt-formidling og felekonsert i det fri, var berre nokre døme på kreative turar som turlaget vellukka hadde arrangert.

 

Bjart Nygaard (GC Rieberfondene) fortel om dugnadsgjengane.

Panelsamtale: Dei vanskelege prioriteringane

Ingen ringare enn direktør for Folkehelseinstituttet, Guri Rørtveit, innleiia den siste bolken for dagen. I sin presentasjon forklarte ho kvifor folkehelsearbeid er så viktig å prioritere, og understreka vidare at folkehelsearbeid er eit tverrsektorielt ansvar.

Deretter overtok Arne Eithun, som skulle leie dagens panelsamtale om dei vansklege prioriteringane knytt til fysisk aktivitet og folkehelsearbeid. I panelet hadde han fire sentrale skikkelsar for det overordna folkehelsearbeidet i regionen og i landet:

Petter Sortland, styreleiar i KS Vestland ogordførar i Høyanger kommune, vektla betydinga av medverknad og samskaping i prioriteringar av folkehelsetiltak. Han understreka også viktigheita av samarbeid med den frivillige sektor – og meinte at vi måtte bli bedre på å legge til rette for slike samarbeid!

Christine Kahrs, byråd for byutvikling i Bergen kommune, kom med ei oppmoding til alle som driv byggeprosjekt: Sørg for at byggeprosjekta legg til rette for at folk kan vere aktive!

Stian Jean Opedal Davies, fylkesvaraordførar i Vestland, understreka at det er viktig at tiltaka vi set i gang er tilgjengelege for alle – ikkje berre dei som har best råd og dei som allereie er i mykje aktivitet!

Guri Rørtveit, direktør i Folkehelseinstituttet, var klar i si tale – vi må ha dei riktige insentiva, og leiarar må tørre å ta dei vanskelege prioriteringane!

Paneldeltakarane sit heller ikkje stille! 
F.v.: Christine Kahrs, Arne Eithun, Stian Jean Opedal Davies, Guri Rørtveit og Petter Sortland.

Ein vellukka konferanse

Bak arrangementet stod Idrettsklynge Vest og Alrek helseklynge, med Vestland Fylkeskommune og Kunnskapskommunen Helse Omsorg Vest som gode samarbeidspartnarar. Sjølv om arrangementskomiteen berre har hatt åtte veker på å planlegge konferansen, så har tilbakemeldingane på konferansen vore gode.  

Det viser kva styrke som ligg i samarbeid mellom aktørar! Åtte veker er ikkje mykje, men når vi spelar på lag får vi til mykje bra! Dette er utan tvil eit godt døme på styrke i samspel!

Det sier dagleg leiar i Idrettsklynge Vest, Malene Joensen.
Klyngeleiar i Alrek Helseklynge, Berit Angelskår, er einig, og fylgjer opp:

No ser vi fram til neste års konferanse!

Programkomiteen.
F.v.: Berit Angelskår (Alrek Helseklynge), Malene Joensen (Idrettsklynge Vest), Cathrine Horn Sommersten (Kunnskapskommunen Helse Omsorg Vest) og Atle Skrede (Vestland Fylkeskommune). Ikkje avbilda: Thea Mandt Christiansen (Vestland Fylkeskommune).

 

Her kan du lese kva Alrek Helseklynge skriv om konferansen.

Du finn opptak av konferansen her.