kVinner i idretten?! Seniorutøvaren
Torsdag 30.januar var vi nok ein gong samla på Litteraturhuset til Balansekonferanse – denne gongen med fokus på den kVinnelege seniorutøvaren.
.png)
Else-Marthe Sørlie Lybekk, generalsekretær i Norges Idrettsforbund, opna konferansen.
Ho understreka at visjonen «Idrettsglede for alle» betyr at kvinner og menn må ha same moglegheiter og bli behandla på same måte i idretten. I internasjonal samanheng ligg Noreg godt an – men framleis har vi ein veg å gå. Vi har få kvinnelege topptrenarar og dommarar, og i mange idrettslag er det for få kvinner med i styret. Ho oppmoda oss om å vere bevisste denne utfordringa i handlingar og val.

Randi-Marie Farnes Berntsen, firebarnsmor, volleyballtrenar og organisasjonssjef i Vestland Idrettskrets, er ikkje i tvil om at kvinner kan ha barn og karriere samtidig. Ho delte nokre av sine tankar om korleis ein kan balansere familieliv, idrett og karriere:
- Ingen har kontroll på alt heile tida, sjølv om det kan verke som om andre har det. Det å vise sårbarheit og erkjenne at ein ikkje har full kontroll, er viktig både for seg sjølv og andre.
- Å kjenne seg sjølv godt er eit viktig verktøy. Det kan hjelpe ein til å seie ja når ein har overskot og nei når ein er sliten.
Ho trakk også fram viktigheita av gode førebilete, og oppmoda jenter og kvinner til å tenke at dei kan!

Magnus Hesjedal Hartvig frå NIF valkomité og Ann- Kristin Kristoffersen frå Bergen Næringsråd diskuterte korleis vi kan rekruttere fleire kvinner til sentrale roller i både næringslivet og idretten. Dei kom fram til tre konkrete tiltak:
1. Spør direkte til personen «vi meiner du passer til dette vervet og vil ha deg med».
2. Anerkjenn at vi treng begge kjønn representert (ved å ha berre eitt kjønn, mister ein 50% av brukarperspektivet)
3. Rekrutter blindt – kanskje du blir overraska!

Mette Hammersland og Ingrid Stenevik frå Sportsklubben Brann delte sine erfaringar om å vere mamma i toppidretten.
Mette fortalte om korleis ho som nybakt mor og einaste kvinne i styret til Norges Fotballforbund braut barrierer då ho dro med seg heile familien på styremøter. Det var ikkje noko som blei tilrettelagt for den gongen, men gjorde det i ettertid meir akseptert at andre kvinner kunne kombinere verv og familie.
Ingrid snakka om sine erfaringar med å bli gravid heilt i startfasen av ein toppidrettskarriere – frå dei vanskelege samtalane med familie og trenarar, til gleda med å alltid ha med seg ein «heilt eigen» supportar på sidelinja. Toppidrett og familieliv går!


Pia Mørk Andreassen, regionleder i Olympiatoppen Vest fortalde om at vi treng meir heilskapleg oppfølging av kvinner i (topp)idretten, og meir forsking på kvinner. Særleg framheva ho at vi må snakke meir om pubertet og graviditet i idrett og dei fysiske og mentale utfordringane som er knytt til desse periodane.

Cecilie Redisch Kvamme, Sportsklubben Brann, viste oss at toppidrett og graviditet også går fint! Gjennom fleire små filmsnuttar frå treningsfeltet til Brann, fekk vi sjå korleis ein gravid Cecilie med små justeringar kunne delta i trening med resten av toppserielaget. Vi fekk også høyre Cecilie og klubbfysioterapeut, Kari Fykse, sine tankar omkring toppidrett og graviditet.
Nina-Margrethe Theodorsen, fysioterapeut og Ph.d. – stipendiat ved Universitetet iBergen, gav osstips til korleis vi kan legge til rette for idrett under og etter graviditet. Hogav oss også ei klar oppmoding: HUGS bekkenbunnstrening for idrettsutøvarar! Urinlekkasjeer vanleg hos både unge og eldre idrettsaktive kvinner, og trening avbekkenbotn kan vere viktig for å forebygge dette!

Til sluttleda Sindre Wiik ein sofaprat med Else-Marthe Sørlie Lybekk, Pia MørkAndreassen og Nina- Margrethe Theodorsen der dei diskuterte kordan vi kanrekruttere fleire kvinner inn i styrer i idretten.

Kva synes publikum om konferansen?
Jeanette Pedersen, student på bachelorstudiet idrett, trening og helse ved HVL Sogndal, delte nokre tankar ho gjorde seg under konferansen:
Det er hårreisande kor lite kunnskap og forsking det er på kvinner i helse og idrett. 6% er pinleg lite, og ein må gå meir midlar til for å forske på dette framover. Som trenar sjølv blei eg begeistra over alle tema og kunnskapen som blei levert, til dømes inkontinens som svært mange kvinner opplev både før og etter svangerskap. Å spreie kunnskap bryt ned stigma!
Vidare seier Jeanett at ho blei inspirert til å melde seg til verv for å kunne være med å påverke både næringsliv og idrett.
Klar for neste Balansekonferanse?
Dette var den andre av tre konferansar i konferanserekka «kVinner i idretten?!» som Balansenettverket arrangerer vinteren 2024 og 2025. Den første omhandla den kvinnelege juniorutøvaren, og den siste vil omhandle den kvinnelege masterutøvaren.
Meld deg på her.
Arrangørar
Bak arrangementet står nettverket Balanse - eit nettverk for å få fleire kvinner i idretten. Nettverket består av Vestland Idrettskrets, NFF Hordaland, Norges Handballforbund Region Vest og Idrettsklynge Vest.
Sidan 2018 har nettverket arrangert konferansar med fokus på likestilling, inkludering og mangfald i idretten. På heimesida kan du lese meir om nettverket, samt sjå opptak av tidlegare konferansar.