Anbefaling for tilrettelegging i kroppsøving – fungerar det?

Hausten 2020 vart skjemaet «Anbefaling for tilrettelegging i kroppsøving» tilgjengelig for legar og fysioterapeutar i Bergensområdet. Skjemaet, som har som mål å auke deltaking i kroppsøving gjennom betre tilpassa opplæring, har no vore evaluert av masterstudentar i Helsefremjande arbeid og helsepsykologi ved Universitetet i Bergen.

24
.
August
2021
Gymsal

Foto: Helse Bergen

Les meir om "Anbefaling for tilrettelegging i kroppsøving" her.

Studentoppgåve

Sofie Riddervold, Vilde Wergeland, Kristin Hansen Reiestad og Marie Strand Fugelsnes går sitt siste år på ein mastergrad i Helsefremjande arbeid og helsepsykologi vedUniversitet i Bergen. I vår skulle dei skrive ei prosjektoppgåve om eithelsefremjande tiltak, og valte då å skrive om kroppsøvingsskjemaet.


«Då vi høyrte om dette prosjektet blei vi fort interessert i å undersøke vidare om bruken og nytteverdien av eit slikt skjema. Vi synes fysisk aktivitet er viktig og at kroppsøvingstimane er ein god arena for å skape eit forhold til fysisk aktivitet som elevane kan ta med seg vidare i livet. Det er difor ønskelig at alle elevar skal få utbytte av kroppsøvingstimane ut frå sine føresetnadar»

MasterstudentMarie Strand Fugelsnes

Gjennom prosjektarbeidet intervjua dei to fastlegar, to fysioterapeutar og tre kroppsøvingslærarar for å finne ut om informantane opplevde kroppsøvingsskjemaet som nyttig, og kva informantane meinte skulle til for at skjemaet blei tatt i bruk i større grad enn kva det er i dag. Studentane fann at  informantane opplevde skjemaet som nyttig, men at dei samstundes syntes skjemaet enda var for lite kjent både blanthelsepersonell, lærarar og elevar, og særleg blant fastlegar. Det kom også fram at tilrettelegging i kroppsøving ofte kunne vere utfordrande grunna mangel på ressursar i kroppsøvingstimane.

Studentgruppa har ut i frå funna sine kome med fleire konkrete forbetringsforslag til skjemaet, noko som møteplassleiar for Kroppsøving og fysisk aktivitet, Malene Joensen, er svært fornøgd med:

"Studentanehar gjort ein kjempegod jobb! Forbetringsforslaga er absolutt noko vi bør tamed oss vidare i arbeidet med både skjemaet, men også i andre pågåande ogframtidige prosjekt i møteplassen"

Ho legg vidare til at slike samarbeid er ein av dei virkelig store fordelane med å vere ein del av eit klyngefellesskap som Idrettsklynge Vest.

Her får vi hjelp til å evaluere prosjekt frå universitetet på prosjekt som går på tvers av fylke, kommune og helse. Samstundes får studentane  ein spennande læringsarena. Det er ein vinn-vinn-situasjon og verkeleg styrke i samspel.

Masterstudent Kristin Hansen Reiestad fortel at prosessen med prosjektet har vore lærerik:

«Det har vært svært interessant å jobbe meddette prosjektet. Vi har gjennom intervjuene fått høre ulike yrkesgrupper sittperspektiv på nytteverdien av et slikt kroppsøvingsskjema. Vi ser også atsamarbeid på tvers av yrkesgrupper fører med seg noen utfordringer og dermedhvor viktig det er med god informasjon og kommunikasjon mellom aktørene.»  

 

Spørjeundersøking

Møteplassen Kroppsøving og fysisk aktivitet har også evaluert skjemaet gjennom ei digital spørjeundersøking retta mot kroppsøvingslærarar og fysioterapeutar. Dessverre var svarprosenten på undersøkinga låg, noko ein trur skuldast ei ny korona-bølgje same veke som skjemaet vart sendt ut. Ein fekk likevel tilbakemeldingar om at skjemaet var nyttig, men at det så langt var lite brukt. Ein trur at den lave bruken av skjemaet skyldast både det spesielle korona-skuleåret, men også at skjemaet enda er for lite kjent blant fastlegar.

Møteplassen vil jobbe vidare for å gjere skjemaet meir kjent både blant helsepersonell, lærarar og elevar, og håpar at dette kan bidra til at fleire elevar deltek i kroppsøvingsfaget.