Bjørn Inge fikk draumejobben blant 154 søkarar
Vestlandet E-sport har tilsett 42 år gamle Bjørn Inge Nøkling som E-sport koordinator for Vestland. Nøkling fekk jobben blant 154 søkarar frå heile Vestland som søkte på stillinga.
Bjørn Inge Nøkling har to års utenlandsstudiar i Digital Design fra Griffith University i Australia og Bachelor i visuell kommunikasjon fra Kunsthøgskulen i Bergen. I tillegg har han praktisk pedagogisk utdanning fra Høgskulen i Bergen. Dei siste 12 åra har han jobba som kontaktlærar for elevar på medie- og kommunikasjonslinja på Arna Videregåande skule i Bergen, tidligare Garnes VGS.
E-sportkoordinatoren skal jobbe tett med e-sportsmiljøet i heile fylket og koordinere aktivitetane på tvers av ei rekke ulike aktørar. Ved å koordinere ressursane, samle og dele kompetanse og kunnskap, er målet å finne gode løysingar og etablere fleire trygge, organiserte tilbod og inkluderande mestringsarenaer for barn og unge.
Nøkling sjølv seier at jobben som E-sport koordinator er draumejobben. – Det å få moglegheit til å jobbe med noko eg har hatt som ei livslang interesse, og noko som eg har engasjert meg i både privat og i jobbsamanheng lenge, er utrulig spennande og motiverande, seier han.
- Eg gledar meg til å begynne arbeidet med å koordinere mykje av all den positive aktiviteten som allereie skjer i Vestland, og ser frem til å bli betre kjent med alle dei engasjerte organisasjonane og menneska som jobbar med å etablere og utvikle gaming og e-sport, sier Bjørn Inge Nøkling
Vestlandet E-sport samhandlar tett med Idrettsklynge Vest i utviklinga av gaming og e-sport i Vestland gjennom satsinga Aktive Gamere som er ein møteplass og allereie Norges breiast samansette tverrfaglige kompetansemiljø innan gaming og e-sport. Ved å samle kompetansen innan både helse, utdanning, forsking, organisering, idrett, frivillighet og ikkje minst e-sport, så opplever vi at vi får etablert gode, sunne og trygge tilbod for barn og unge som er opptatt av gaming og esport. Koordinatoren si hovedoppgåve blir å koordinere alle desse ressurspersonane, og ikkje minst bruke den kompetansen til å hjelpe til med enda fleire lokale etableringar.
Styreleder i Vestlandet E-sport, Frank Willy Djuvik, er strålande fornøgd med tillsettinga av Nøkling. – Bjørn Inge seier at dette er ein draumejobb, men vi kan sei at vi har fått ein draumetilsett. I tillegg til å ha mykje kompetanse og erfaring om både gaming og fagleg utvikling, så har Bjørn Inge eit stort engasjement og brenn for utviklinga av e-sport, seier han.
I følge styreleiaren vil ikkje den nye e-sport koordinatoren mangle oppgåver når han starter 1. mai. – Utviklinga og etableringa av lokale gaming og e-sport tilbod i Vestland går særs fort. Vi blir kvar veke kontakta av kommunar, idrettslag, ideelle organisasjonar, og ildsjeler som ber om råd og hjelp til å etablere tilbod og arrangement. I tillegg er Vestland Fylkeskommune veldig aktive med å gjennomføre sin e-sport strategi, og her vil e-sportkoordinatoren ha ei viktig koordineringsrolle, avsluttar Djuvik.