Dei viktige studentane

Studentar ved UiB og HVL utgjer ein særs viktig ressurs i arbeidet i Idrettsklynge Vest. Studentane er framtidas arbeidstakarar, dei nysgjerrige og ivrige, og sit på oppdatert kunnskap. Dette er gull for våre prosjekt seier Silje Mæland, leiar for FOU møteplassen i Idrettsklynge Vest.

11
.
May
2021
5 studentar sit med pc og jobbar

Fra venstre Martin Lie, Simen Adrian Evensen (oppe), Daniel Johnsen, Ørjan Sognnes (oppe) og Bjarte Kysnes.

Silje Mæland har nett kobla fleire studentar med praksisfeltet etter at Idrettsklynge Vest fekk ein henvendelse frå Antidoping Norge som jobbar med å forebygge dopingbruk blant ungdom. Gjennom fleire år har Tor Helge Myhre reist rundt på vidaregåande skular og holdt foredrag for ungdommar i kraft av i kraft av si stilling i Antidoping Norge som fylkeskoordinator for Vestland fylke og satsinga Lokal mobilisering mot doping. Men verkar det?

Nettopp dette skal studentane no prøve å gje eit svar på.

Ørjan Sognnes, Bjarte Kysnes, Daniel Johnsen, Martin Lie og Simen Adrian Evensen er studentar ved HEMIL senteret på Universitet i Bergen og jobbar no med å anvende kunnskap dei har til eigna seg i eit 5 vekers prosjekt om evaluering av helsefremmande arbeid i lokalmiljøet. Dei utforskar korleis foredraga som Antidoping Norge held påverkar ungdommane. Korleis opplev dei bodskapen, kva dei veit om risiko for dopingbruk og om foredrag er ein god formidlingsarena.

«Vi ynskjer at prosjekt som dette skal heve studentane sin kompetanse om praksisfeltet, pågåande helsefremmande arbeid i lokalmiljøet, samt bidra til kunnskapsutveksling mellom universitetet og praksisfeltet»  sier Ellen Haug, førsteamanuensis ved UiB, HEMIL senteret og medlem av FoU møteplassen i Idrettsklynge Vest.

Og ikkje nok med det. Dette eine møtet på tvers av praksisfeltet, det offentlege og akademia gav grobotn til enda eit forskingsprosjekt. På Høgskulen på Vestlandet i Sogndal skal dei no undersøke samanhengen mellom tru på effekt av kosttilskot og haldningar til doping. Prosjektet er leia av Amund Riiser og ligg under forskargruppa Trening utvikling og prestasjon.

Forskningssjef i Antidoping Norge Fredrik Lauritzen er imponert over det gode nettverket i Idrettsklynge Vest, og kor raskt ein fekk på plass gode samarbeid av høgkvalitet. «Her ser ein virkelig verdien av eit klyngenettverk der dei rette folka raskt blir sett rundt same bord, vi gler oss til å sjå kva vi kan få ut av dette» avsluttar Fredrik Lauritzen.