Samhandling i praksis gjennom Energikonsulentar

Prosjektet Energikonsulentar, som skal sikre at barn og unge med særskilte behov skal kunne delta og oppleve fellesskap i eigna organisert aktivitet i sitt nærmiljø, er no godt i gang. Møt dei som skal jobbe i prosjektet.

17
.
August
2021
Bilde av 4 personer som skal jobbe i prosjektet.

Fra venstre: Regina Hamre, Vilde Næss Brodahl, Vegard Berge Sandven og Martin Lie, her under teammøte på Energisenteret for barn og unge.

Det var over 110 søknadar som kom inn til dei 3 prosjektstillingane som Energikonsulentar.

Lars Peder Bovim er møteplassleiar for Knutepunktet - der prosjektet har sitt utspring frå. Han er overvelda over responsen på desse stillingane, og ikkje minst imponert over kvaliteten på søkarane.

Dei 3 heldige som har endt opp med å bli tilsett i henholdsvis Vestland idrettskrets, Bergen kommune og Helse Bergen er Vilde Næss Brodahl, Martin Lie og Vegard Berge Sandven. Saman skal dei, på tross av at dei er tilsett i 3 ulike organisasjonar, jobbe som eit team for å få flest mulig barn og unge med særskilte behov ut i organisert aktivitet.

I tillegg til å vere velutdanna innan aktuelle fagfelt har dei alle sjølv opplevd kor viktig det er med mestring og tilhørighet gjennom idrett og fysisk aktivitet, og gler seg til å komme i gang med å gje fleire barn og unge med særskilte behov gode og trygge opplevelsar.

Med seg har dei prosjektkoordinator, Regina Hamre i Idrettsklynge Vest, som skal ha ansvaret for å koordinere framdrifta og FOU biten i prosjektet. Når vi set i gang slike prosjekt er det viktig å vite effekten av tiltaka, om kva som fungerar og ikkje. Det vil gjere jobben lettare når vi etter 2 år skal sjå på korleis ein eventuelt skal vidareføre desse funksjonane.

Lars Peder Bovim fungerar også som prosjektleiar og på spørsmålet om kvifor ein har valgt å tilsette energikonsulentane i 3 ulike organisasjonar er han heilt tydelig i svaret: "For å lykkast med dei utfordrande overgangane mellom spesialisthelsetjeneste, kommunehelsetjeneste og frivillighet er vi avhengig av god samhandling på tvers av fag og organisasjon. Med tanke på videreføring etter prosjektslutt ynskjer vi å ha eigarskap i kvar av organisasjonane, og utfordre oss sjølv innanifrå.

Prosjektet er støtta av Stiftelsen Dam, Vestland idrettskrets er prosjekteigar. Les meir om innhaldet i prosjektet her.