Energikonsulentar – Tryggleik i overgangen

Prosjektet "Energikonsulenter – Tryggleik i overgangen," gjennomført i samarbeid mellom Vestland idrettskrets, Helse Bergen og Bergen Kommune, har vist seg å være vellykka i å inkludere barn og unge med særskilde behov i organisert aktivitet. Med over 120 deltakarar vart nye meistringsarenaer etablert, og prosjektet gav verdifulle erfaringar om samarbeid på tvers av store organisasjonar. Prosjektleiar Lars Peder Bovim reflekterer over suksessen og utfordringane i prosjektet si ettertid.

Milena Salazar
5
.
March
2024

Vi veit at å vere ein del av eit velfungerande, sosialt og inkluderande fellesskap over tid kan bidra til betre helse og livskvalitet, og idretten kan vere nettopp dette. Prosjektet skulle derfor jobbe for at barn og unge med særskilde behov (fysiske eller psykiske helseplager) skulle kunne delta og oppleve fellesskap i organisert aktivitet på lik linje som jevnaldrande. Prosjektet var òg ein øving på samarbeid på tvers av store organisasjonar, og ein prosjektmedarbeider (40 %) blei tilsett i kvar av dei tre organisasjonane. Gjennom ei slik organisering ønskte prosjektet å bli kjend med korleis organisasjonar med ulike finansieringsordningar, lovpålagde oppgåver og fokus kan samkjøre seg i brobyggjarrollen mellom helse og organisert idrett.

Prosjektet hadde fire definerte delmål:

  • Delmål 1: Sikre at 120 barn og unge i alderen 6-18 år blir kjent med og får prøve eigen aktivitet i det brukaren anser som sitt eige miljø.
  • Delmål 2: <70% av barn og unge som har hatt oppfølging av Energikonsulent i prosjektperioden deltar kvar veke og regelmessig (organisert) fysisk aktivitet 3 og 6 månader etter endt oppfølging.
  • Delmål 3: Sikre at aktuelle aktivitetsleiarar (trenarar, støttekontakt, avlaster) får tilstrekkeleg råd, rettleiing og informasjon for å kunne tilrettelegge aktivitet i den grad det er behov for det, for den enkelte brukar.
  • Delmål 4: Fortsette samarbeid etter endt prosjektperiode. Definere kva organisasjon/hvilke organisasjonar som eventuelt skal vidareføre Energikonsulent-funksjonen etter endt prosjektperiode, samt tydeleggjere justeringar som vil vere hensiktsmessige i lys av innhenta erfaringar.

Prosjektet er no avslutta, og vi har spurt prosjektleiar Lars Peder Bovim om kva erfaringar han sit att med etter arbeidet med prosjektet:

"Prosjektet Energikonsulenter var verkeleg vellykka! Og sjølvsagt var det nokre delar vi kunne ha fått til endå betre. Litt over 120 barn og unge blei inkludert og fekk prøvd seg i nye meistringsarenaer, og vi fekk etablert rutinar og rammer for at tilsette på tvers av svært ulike organisasjonar jobbar om våre felles barn og ungdom."

Eit eksplisitt mål med prosjektet var vidareføring etter prosjektperioden. Korleis gjekk det?

"Både og. Vi traff jo med prosjektslutt samtidig som økonomien i norsk helse og idrett er rimelig nedadgåande, så det er klart det er knallharde prioriteringar på alle fronter. Når vi i tillegg ikkje kom i mål på resultatmålingane, er det krevjande. Likevel har vi fått til ei nedskalert vidareføring i Helse Bergen, og det var nokre veldige positive signal i Bergen kommune ei stund. Og no jobbar vi vidare med fleire partnarar i og rundt klyngefellesskapet for å sjå kva som er mogleg å rigge. Kan det være berekraftig med ei studentdreven struktur? Eller kanskje vi kan få til tettere bånd med nye tilbod som har kome til med liknande mål og hensikt, som Aktivitetsguider hos Idrettsrådet i Bergen og Aktivitetslos i Voss Herad?

Eg trur framtida er lys. Gjerne ikkje for Energikonsulenter, men kanskje heller Aktivitetsguider Helse?"

Vil du lese meir om prosjektet? Les meir om prosjektet i sluttrapporten her.