Har idrett ein plass i helsetjenestene?

Saman med Alrek Helseklynge og Høgskulen på Vestlandet tek Idrettsklynge Vest turen til Arendalsuka for diskutere om idrett har ein plass i helsetjenestene.

3
.
August
2021
Møt oss på Arendalsuka

Trening har dokumentert effekt på helse. Bør trening sjåast på som ein medisin?

I samtale mellom idrett, helsetjeneste og akademia belyser vi potensialet som ligg i samspelet mellom idretten og helsetjenestene. Bør helsetjenestene benytte potensialet i idretten meir aktivt? Bør idretten ha eit helseansvar?

Medverkande

  • Gro Anita Fonnes Flaten, Prorektor for forsking, Høgskulen på Vestlandet
  • Thomas Mildestvedt, Fastlege, førsteamanuensis og fagområdeleder, Bergen kommune og Universitetet i Bergen
  • Lars Peder Vatshelle Bovim, Leiar Energisenteret for barn og unge, Helse Bergen
  • Pål Hafstad Thorsen, Daglig leiar, Sædalen idrettslag
  • Karoline Heggøy, Teamleiar Frisklivssentralen, Frisklivs- og mestringssenteret, Bergen kommune
  • Moderator: Silje Mæland, Førsteamanuensis, Universitetet i Bergen

Det blir sett opp stream til arrangementet, slik at du kan få det med deg sjølv om du ikkje er i Arendal. Følg med her.