Idrettsklynge Vest søker ny dagleg leiar
Vår daglege leiar går nye utfordringar i møte, og vi søkjer no ein handlekraftig og visjonær leiar for å ivareta og vidareutvikle samarbeidet.
Vil du spele ei sentral rolle i å legge til rette for betre samhandling kring idrett, fysisk aktivitet og folkehelse i Vestland?
Idrettsklynge Vest jobbar etter visjonen «Styrke i samspel» og er ei innovativ og tverrfagleg satsing i Vestland. Samarbeidet omfattar Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Vestland idrettskrets, Helse Bergen, Olympiatoppen Vest, Sportsklubben Brann, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet. Vårt mål er å styrke samhandlinga kring idrett, fysisk aktivitet og folkehelse i Vestland gjennom å etablere møteplassar for kompetanseutvikling- og formidling. Vi fungerer som ein katalysator for samhandling, der deling av kunnskap og læring frå kvarandre står sentralt. Med Idrettsklynge Vest som ein felles plattform skal vi vere inspirerande, kompetente, opne og nyskapande.
For å møte stadig meir komplekse samfunnsutfordringar på ein god og berekraftig måte er samhandling på tvers av fag og sektorar heilt avgjerande. I Idrettsklynge Vest set vi menneske med ulik fagkompetanse og erfaring rundt same bord for å diskutere utfordrande problemstillingar, som kvar og ein ikkje klarer å løyse aleine. Vi set samhandling i system.