Inkluderande kroppsøving 2025: Ei vurdering som fremjar læring og lærelyst

Lærerike foredrag, gode diskusjonar og inspirerande praksisøkter.

7
.
April
2025

Torsdag 3.april var det duka får årets kroppsøvingsseminar i Sogndal og i Bergen. Til saman deltok nærare 80  kroppsøvingslærarar og -studentar frå grunnskule, vidaregåande opplæring og høgskulesektoren.

Øystein Røynesdal, førstelektor ved NLA Høgskolen, holdt innlegg om vurdering i kroppsøving. Innlegget blei strøyma frå Bergen til Sogndal.

Dagen starta med eit relevant og engasjerande innlegg frå Øystein Røynesdal om vurdering i kroppsøvingsfaget. Forelesninga blei strøyma frå Bergen til Sogndal, og gav eit godt grunnlagt for dei påfølgande lokale gruppediskusjonane. Hensikta med gruppediskusjonane var å skape en arena kor deltakerne kunne diskutere og dele erfaringer, spørsmål, utfordringar og tankar om vurdering i kroppsøving.

Gode diskusjonar under gruppearbeidet.

Etter lunsj var det i Sogndal tid for eit fagleg innlegg med kroppsøvingslærar Jakob Gyring. Innlegget hadde fokus på læreplanforståelse, og kva dette betyr for planlegging og gjennomføring av undervisning og for struktur i faget. Innlegget var eit godt utgangspunkt til dei to påfølgande praktiske øktene, og gav eit underlag for erfaringane deltakarane gjorde seg i desse øktene. I økta Movement culture med Jakob Gyring, fekk deltakarane erfare alternative læringsaktivitetar, kor fokuset var på kroppsleg utforsking og det å tilpasse seg i samspelet med den andre i aktiviteten. Økta Modellbasertpraksis for sosial læring i kroppsøving med Brede Olsen handla om å arbeide med sosial læring som eksplisitt mål i lagaktivitet i faget. Her blei deltakarane aktivt dratt inn til å medvirke gjennom  refleksjon over samarbeidet og om kva som skulle vere i fokuset i aktiviteten «Hula hut game».

Full aktivitet i Sogndal under økta "Movement Culture" med Jakob Gyring.

Etter lunsj i Bergen var det klart for to bolkar med parallellsesjonar. I den første bolken kunne deltakarane velje mellom ei praktisk økt om Stolpejakt med Nina Brekke Sveen, eller å delta på Antidopingseminaret som gjekk samtidig på Amalie Skram VGS denne dagen. Under Stolpejakt-økta blei deltakarane betre kjent med Stolpejakt-konseptet, og fekk gode tips til korleis dei kunne nytte konseptet i eiga undervisning. Under Antidopingseminaret fekk deltakarane blant anna høyre om Antidoping Norge sin digitale teneste, Dopingkontakten.

Også god aktivitet i Bergen med Stolpejakt og Nina Brekke Sveen.

I den andre bolken kunne deltakarane igjen velge å delta på Antidopingseminaret, eller dei kunne velge mellom tre praktisk økter: Alle kan turne! med Esben Martinsen, Basketball som inkluderende samspill i ballspill med Geir Bangstad og Kreativ dans med Marit Hagen Halvorsen. Deltakarane meldte tilbake at dei praktiske øktene var morosame og gav inspirasjon til eigne kroppsøvingstimar. I Antidopingseminaret fekk tilhøyrarane blant anna lære meir om korleis ein kan oppdage og handtere dopingbruk, noko som også opplevdes nyttig og viktig.

Deltakarane under Antidopingseminaret fekk nyttige råd til kva ein kan gjere for å forebygge dopingbruk blant unge.

Bak arrangementet stod møteplassen Kroppsøving. Denne møteplassen arbeidar for å fremje læreplanforståing, vurderingskompetanse og ein inkluderande praksis, slik at elevane deltek og gjennomfører kroppsøvingsfaget. Møteplassen var fornøgde med dagen, og har inntrykk av at seminaret var nyttig og meningfullt for både studentar og lærarar i Sogndal og i Bergen.

Saman med Antidoping Norge, Vestland fylkeskommune og Bergen kommune, var Idrettsklynge Vest også medarrangør av Antidopingseminaret som gjekk samtidig på Amalie Skram VGS. Det var rekordstort oppmøte, med heile 207 deltakarar. Her kan du lese meir om Antidopingseminaret.