Konferansen "Trening og fysisk aktivitet for eldre"

Torsdag 26.september var det duka for konferansen «Trening og fysisk aktivitet for eldre» under Forskningsdagane på HVL Campus Sogndal. Nærare 70 personar hadde tatt turen for å lære meir om kvifor og korleis vi kan legge til rette for at fleire eldre skal kunne vere fysisk aktive i sin kvardag.

Malene Joensen
7
.
October
2024
Trim

Foto: Grethe Hillestad, Vestland Idrettskrets

For eit nesten fullsett auditorium i Høgskulebygget i Sogndal starta professor Vidar Andersen dagen med si førelesning «Kan trening bremse eller reversere aldring?». Med utgangspunkt i ny forsking, kunne Vidar vise oss at fysisk aktivitet påverka aldringsprosessar i positiv retning. Konklusjonen var med andre ord tydeleg og gledeleg
– JA! Trening kan bremse eller reversere aldring.

Professor Vidar Andersen var tydeleg - JA! Trening kan bremse eller reversere aldring.

Neste mann på lista var ingen ringare en sjølvaste «hjernelegen», Ole Petter Hjelle. Med eit stort engasjement gav han oss innsikt i alle fordelane bevegelse gjev for hjernen vår. Faktisk så mange fordelar, at han meiner at fysisk aktivitet er eit mirakelmiddel mot sjukdom. Han framheva at det var hippocampus, den delen av hjerna som er viktig for hukommelse, læring og stadsans, som blei særleg styrka ved fysisk aktivitet. Han kunne også fortelje oss at hjernen vår er lat frå naturen si side. Han gav oss difor to gode tips til korleis vi kan motivere oss til å vere meir fysisk aktive, sjølv på dagar kor dørstokkmila er lang: 1) Finn ein aktivitet du likar, og 2) Tren med andre.

"Hjernelegen" Ole Petter Hjelle gav oss tips til korleis vi kunne "overvinne hjernens latskap".

Deretter var det møteplassleiar, fysioterapeut og førsteamanuensis Bård Bogen sin tur. Han fortalte om korleis trening og bevegelse positivt kan påverke skrøpligheit. Skrøpligheit er er ein vanleg tilstand blant eldre personar, og viser seg blant anna som eit betydeleg fall i funksjonsnivå. Det er inga semje om korleis ein definerer tilstanden, men gjennom føredraget fekk vi innsikt i ulike måtar ein kan klassifisere skrøpligheit. Vidare understreka Bård at sjølv om trening kan vere viktig for å motverke skrøpligheit, så er det sentralt at treninga som blir tilbydd, både er akseptabel og meiningsfull for han eller ho som skal utføre treninga.

Etter ein god lunsj i strålande Sogndal-sol, var det tid for erfaringssesjonar. Først ut var günder Dag-André Mo, som fortalte om hans erfaringar med «Trim på hjul» - eit prosjekt kor heimebuande eldre i Leikanger og Balestrand fekk personleg trening og oppfølging heime hos seg sjølv. Deretter fortalte førstelektor Tom Erik Solstad om korleis gaming kan bidra til meir fysisk aktivitet. Her fekk vi blant anna sjå ein prototype av eit mobilspel, utvikla av to masterstudentar, kor ein måtte gjere styrkeøvingar for å kunne kome seg vidare i spelet. Eit spennande konsept! Vidare fekk vi høyre frå Frisklivssentralen i Sogn og korleis dei arbeida med «Sterk og stødig». Sist i erfaringssesjonen fortalte Jon Ove Lomheim, som blant anna er olympisk meister for veteranar i skihopp, om kva som motiverar han til å vere aktiv i kvardagen.

Førstelektor Tom Erik Solstad gav oss innsikt i om gaming kan bidra til auka fysisk aktivitet hos eldre.

Heilt sist på programmet var professor Atle H. Sæterbakken. Han gav oss eit innblikk i tilstanden osteosarkopoeni obesity syndrom (OSO), altså kombinasjonen av å ha fedme, beinskjørheit og muskeltap. Han fortalte at tilstanden auka risikoen for blant anna redusert funksjon, for fall og for beinbrot. Heldigvis kan trening og fysisk aktivitet bidra til å førebygge tilstanden.

Dag-André Mo fortalte om erfaringane frå prosjektet "Trim på hjul".

Bak arrangementet stod sjølvsagt møteplassen «Fysisk aktivitet og trening for eldre». Møteplassleiar Bård Bogen var særleg fornøgd med oppmøte:

«Det som er særleg kjekt, er at vi har nådd ei brei og variert målgruppe. I salen sat der blant anna studentar, fysio- og ergoterapeutar, frisklivskoordinatorar, forskarar, «Sterk og Stødig»-instruktørar, men også fleire som hadde meldt seg på med tittelen «pensjonist». Det er jo ekstra kjekt at vi når ut til dei det faktisk gjelder!»

Og det var heller ikkje berre sogndølingar som hadde tatt turen. Deltakarar frå andre kommunar omkring Sogndal hadde også møtt fram. På tross av stor variasjon i publikum, såg det likevel ut til at innhaldet i programmet var interessant for alle frammøtte.

«Vi har fått gode tilbakemeldingar, og det er veldig kjekt! Også viser den store breidda at det er stor interesse for temaet, så her må vi nok satse på å få til fleire konferansar i åra som kjem!»