Balansekonferansen 2024-2025: kVinner i idretten?! JUNIOR
Kvifor er det færre jenter enn gutar som deltek i idrett, og kva kan vi gjere for å få balanse i junioridretten? Dette var nokre av spørsmåla vi tok opp på første del av Balansekonferansen 2024-2025: kVinner i idretten?!
Saman med resten av Balansenettverket gjennomførte vi torsdag 14.november første del av Balansekonferansen 2024-2025 kVinner i idretten – Junior. Saman med 80 engasjerte deltakarar i auditoriet på Litteraturhuset i Bergen og mange som følgde digitalt, fekk spennande innsikt i korleis vi kan løfte fleire jenter i junioridretten.
Fekk du ikkje med deg konferansen? Her kan du sjå opptak!
Engasjerande foredrag og praktiske tips
Natalia Antonia Golis, styremedlem i Vestland Idrettskrets, opna konferansen med ei tydeleg oppmoding: Idretten treng kvinner i alle roller – som utøvarar, trenarar og leiarar. Men vi må hugse å spørre dei!
Martine Waage, som gav oss eit innblikk i kvardagen til unge jenter. Ho delte tre konkrete tips til trenarar og idrettslag:
1. Gjer mensen mindre tabu – Er du trenar? Ha bind og tampongar tilgjengeleg i treningsbaggen!
2. Slutt å seie at ein er «...sterk til å vere jente». Jenter er sterke – punktum!
3. Tilrettelegg for at skadde utøvarar kan bidra i andre roller, som trenar eller dommar.
Hilde Stokvoll Gundersen, førsteamanuensis ved HVL, fortalte om pubertet og prestasjon blant juniorutøvarar og oppmoda jenter til å starte med styrketrening tidleg.
Professor Siv Skard frå NHH la fram funn frå undersøkinga bak kampanjen «Jenter vil meir» og utfordra oss til å ikkje undervurdere kva jenter kan og vil.
Fysioterapeut Julie Langeland Risa påpeikte at 50 % av idrettsskadar kan førebyggjast med tilpassa belastning og nok mat – og det er ikkje så viktig at maten er "supersunn."
Inspirerande samtalar
Til slutt leia Paal Teodor Eeg Lilletvedt einsofaprat med Martine Waage, Giske Eggen, Natalia Antonia Golis og Lene Thomren Steensen, der dei diskuterte korleis vi saman kan skape betrebalanse i junioridretten.
Stemmer frå salen
Theresa Brnic Gote, fysioterapeut ved Energisenteret for barn og unge, deltok med både personleg og fagleg engasjement:
– Eg er mamma, kvinne og tidlegare utøvar, og eg jobbar for å inkludere barn og unge i helsevesenet inn i idretten. Halvparten av pasientane mine er jenter, så det er viktig å vite korleis eg bør møte dei i gjennom ungdomstida.
Ho vart overraska over kor sterkt det vart poengtert at vi må ta jenter på alvor:
– Jenter vil like mykje som gutane, og det er viktig å møte dei der dei er.
Kristian Norland, hovudtrenar for Søreide Innebandy sitt damelag, delte kvifor han meldte seg på:
– Det er viktig å forstå kva kvinner treng i idretten, både med tanke på kosthald og trening. Vi jobbar hardt for å halde på jentene, men fråfallet er framleis høgt.
Han vart spesielt opptatt av styrketrening:
– Eg hadde aldri tenkt på kor viktig det er å starte tidleg. No vil eg prioritere skadeførebyggande trening og fokusere på skikkeleg kosthald for spelarane mine.
Kirsty Kennigham, styremedlem og lagleiar for J13 i IL Sandviken, viste sitt store engasjement for jenter i fotball:
– Eg deltek på alt som handlar om jenter i idretten. Det skjer så mykje spennande innan forsking og prosjekt, og eg lærer alltid noko nytt eg kan ta med meg vidare.
Ho tok med seg eit konkret råd til sitt eige lag – og si eiga dotter:
–Et meir Nugatti! For laget vil eg også fokusere på å starte styrketrening tidlegare og hjelpe andre lag å rette meir merksemd mot dette.
Vegen vidare
Med inspirerande foredrag, nyttige diskusjonar ogdeltakarar som delte sine eigne erfaringar, er vi klare til å halde framarbeidet med å løfte kVinner i idretten! Vi ser fram til neste del av konferansen. Den går av stabelen 30.januar, og vil handle om senioren. Her kan du melde deg på konferansen.
Takk til alle som bidrog!
Arrangørar
Bak arrangementet står nettverket Balanse - eit nettverk for å få fleire kvinner i idretten. Nettverket består av Vestland Idrettskrets, NFF Hordaland, Norges Håndballforbund Region Vest og Idrettsklynge Vest.
Sidan 2018 har nettverket arrangert konferansar med fokus på likestilling, inkludering og mangfald i idretten. På heimesida kan du lese meir om nettverket, samt sjå opptak av tidlegare konferansar.