Kurs med Trygge Utøvere

Vil du lære meir om korleis du tilrettelegg aktivitet for barn og unge med usynlege behov? Då må du melde deg på kursrekka til Trygge Utøvere!

Malene Joensen
12
.
October
2021
trygge utøvere

Kva er usynlege behov?

Nokre barn og unge har utfordringar som kan vere vanskelege å oppdage med første augekast.  
Det kan til dømes vere psykiske lidingar, sosiale utfordringar eller somatiske plager som i liten grad er synleg på kroppen. Usynlege utfordringar er altså utfordringar som hamnar utanfor «paraidrett»-paraplyen. Men likt som med paraidrettsutøvare, treng utøvare med usynlege behov større eller mindre grad av tilrettelegging for å kunne oppleve trygging, mesistring og bevegelsesglede i fysisk aktivitet.

Men korleis møter ein eigentleg desse barna og ungdommane?
Vi veit at mange trenarar, aktivitetsleiarar og andre ressurspersonar rundt eit barn eller ein ungdom kan kjenne seg usikker på korleis dei skal skal møte og tilrettelegge aktivitet på ein god måte. Målet med kurset og nettressursen Trygge Utøvere er difor å gje aktivitetleiarar, trenarar og andre resssurspersonar gode verktøy og tips som dei kan bruke til å skape meistring, bevegelsesglede og sosialt fellesskap for alle.

Kursrekka innheld tre ulike kurs: 

  • Aktivitetsleiarrolla og treningsmiljøet
  • Spiseforstyrringar og den engstlege utøvaren
  • Konsentrasjonsvanskar, utagering og rus i aktivitet

Kursa blir haldt av dyktige aktivitetsleiarar og helsepersonell som har lang erfaring med fysisk aktivitet retta mot barn og unge.
Kursa går kveldstid på Energisenteret for barn og unge.

Les meir og meld deg på her.