Ny møteplassleiar
Møteplassen Paraidrett frå breidde til topp arbeider for at alle med funksjonsnedsetting skal ha moglegheita til å delta i idrett og fysisk aktivitet.
Gjennom eit nært samarbeid på tvers av fag og organisasjonar jobbar møteplassen med å fjerne barrierar som potensielt kan føre til at menneske med funksjonsnedsetjing ikkje finn vegen til idretten.
Aida er nytilsett som rådgivar paraidrett i Vestland idrettskrets og er nyvalgt møteplassleiar i Paraidrett frå breidde til topp. Ho har i tillegg representert Noreg på paralandslaget i bordtennis i 15 år. For å bli betre kjent med Aida har vi fått lov til å stille ho nokre spørsmål om rolla som rådgivar og vidare tankar om samarbeid og utvikling. Aida påpeikar at det viktigaste for henne som rådgivar i paraidrett er å kunne gjere ein skilnad for paramiljøet på Vestlandet, slik at dei kan oppnå idrettsglede, noko ho sjølv har hatt gleda av å oppleve i sin eigen idrett. Ho nemner vidare at ho ønskjer at menneske skal sjå moglegheitene framfor avgrensingane.
Som nytilsett kan ein møte på nokre utfordringar i starten, og Aida nemner at dei største utfordringane ho står ovanfor som rådgivar handlar om rekruttering og tilbod i dei ulike kommunane. Ho påpeikar vidare at dette ikkje berre er utfordringar på Vestlandet, men også i andre regionar, noko ho håpar ho kan bidra til å endre.
Møteplassen Paraidrett frå breidde til topp i Idrettsklynge Vest samarbeider på tvers av fag og organisasjonar, og vi er nysgjerrige på kva Aida tenkjer rundt dette. Aida er positiv og svarar: «Eg syns det er fantastisk at vi kan samarbeide på kryss og tvers. Dette meiner eg kan bidra til å synleggjere paraidretten i samfunnet og bidra til å lettare integrere menneske med funksjonsnedsettelser der dei ønskjer å vere.»
Avslutningsvis ønskte vi sjølvsagt å høyre kva Aida tenkjer om Bergen så langt som nyinnflyttar i byen. «Det beste med Bergen er jobben, kollegaene som er lokalisert nær og fjern, og at det er ein stor by, men samtidig korte avstander dit eg treng å dra. I tillegg har Bergen fine turmoglegheiter».