Ny Prosjektkoordinator i Idrettsklynge Vest
Hurra! Vi har fått ein ny tilsett i Idrettsklynge Vest. Milena Salazar går inn som Prosjektkoordinator i 50% stilling og skal bistå dagleg leiar i det administrative arbeidet. Men kven er Milena?
Milena er frå Kristiansand, men har budd i Bergen dei siste 6 åra. Ho har ein bachelor i folkehelse og ein master i fysisk aktivitet og kosthald frå HVL. Ho jobbar til dagen i Bedriftsidretten og skal no kombinere dette med jobb for Idrettsklynge Vest.
Milena har både ein fagleg og personleg relevant bakgrunn som passar godt inn i Idrettsklynge Vest. Kva ser du mest fram til no når du skal jobbe i Idrettsklynge Vest? "Eg ser fram til å kunne bruke kunnskapen og drivkrafta eg sit på, samt lære av andre og utvikle meg innanfor fagfeltet og som person" fortel Milena.
Utdanningsmessig, kva tar du med deg frå studiet inn i klynga? "Den største læringa eg tar med meg frå studiet er at det er folkehelse i alt vi gjer, samt viktigheten av å samarbeide på tvers av organisasjonar for å oppnå betre folkehelse for befolkninga. Vi klarer ikkje å gjere ei endring åleine, saman står ein mykje sterkare»
Og kva er det du brenn mest for innan idrett, fysisk aktivitet og folkehelse? «Eg brenn mest for viktigheiten av både fysisk og psykisk helse. Eg veit sjølv kor viktig det har vore for meg å vere ein del av eit idrettslag gjennom oppveksten og i tenåra, og eg er glad for at eg har klart å vidareføre den aktivitetsgleda i vaksen alder. Eg brenn også for at det skal vere like moglegheiter for alle uansett alder, etnisitet og kjønn i høve til idrett, fysisk aktivitet og folkehelse.
Avslutningsvis utfordra vi Milena til å skildre seg sjølv med eitt ord. Milena skildrar seg sjølv som uredd. I den forstand at ho likar utfordringar, ho er nysgjerrig og likar å gå ut av komfortsonen, samtidig som ho er innforstått med at ho ikkje kan alt, men villig til å lære. Ho påpeiker også at ho ikkje er redd for å feile, fordi ho veit at det kjem lærdom av å feile også.
Dagleg leiar i Idrettsklynge Vest er veldig nøgd med sin nye ressurs. "Eg opplever Milena som ein ambisiøs, open og reflektert person, eg gler meg veldig til å samarbeide med ho. Eg synes også det er flott når vi kan samarbeide om ressursar internt på Idrettens hus, og eg er takknemleg for at bedriftsidretten har gått med på å låne ho ut til oss. Det kallar eg styrke i sampel i praksis." smiler Randi Marie Farnes.
Vi ønskjer Milena velkommen på laget og gler oss til å bli endå betre kjent med henne.