Pål Hafstad Thorsen skal leie Idrettsklynge Vest det kommande året!
Til hausten skal dagleg leiar Randi Marie Berntsen Farnes ut i svangerskapspermisjon og no er hennar erstattar det kommande året på plass. Styreleiar Jon Askeland er særs fornøgd med at det er Pål Hafstad Thorsen som overtar roret.
I 2015 var Pål Hafstad Thorsen med på sonderingane og forarbeidet som i 2016 danna grunnlaget for moglegheitsstudien som igjen blei ein katalysator for etableringa av Idrettscampus Bergen. I februar 2017 signerte dei åtte organisasjonane samarbeidsavtalen og Pål, den gang idrettsbyråd, var fungerande leiar av styringsgruppa som tilsette Randi Marie Berntsen Farnes som daglig leiar. Sidan den gong har organisasjonen blitt revitalisert som Idrettsklynge Vest og Pål har imellomtida brukt engasjementet sitt på å vere leiar både for bredde- og toppidretten i Bergen og nytta anledningen til å prøve ut visjonane i praksis.
"No får eg anledning til å gjere comeback, denne gong som dagleg leiar medan Randi Marie har permisjon i eit år. Det gler eg meg veldig til!" seier Pål Hafstad Thorsen når vi spør han om tilsettinga.
"Visjonen om styrke i samspel står seg like sterkt i 2022 som ved etableringa i 2017. Det handlar om å skape og dele i fellesskap, mellom menneske og organisasjonar. Bak klynga står det åtte råsterke organisasjoner med kompetanse, kapasitet og ressurspersoner som gjennom samhandling med kvarandre kan gi betydelig meirverdi til den enkelte organisasjon, klynga som heilhet og ikkje minst for samfunnet vårt. Eg ser fram til å bidra, stimulere og utfordre både internt og eksternt i det året jeg skal fungere som dagleg leiar for Idrettsklynge Vest.» seier Pål med stort engasjement.
Noverande dagleg leiar kunne ikkje vore meir fornøgd med tilsettinga. "Eg har stor respekt for Pål, og alt han har av kunnskap og erfaring på feltet. Her har vi funne ein perfekt match - og eg gler meg til å sjå kva Pål får utretta det året eg skal vere vekke", seier Randi Marie. Styreleiar Jon er heilt einig: "Pål er ein dyktig mann med mange av eigenskapane og erfaringane dagleg leiar jobben krev. Og vi kan gleda oss med Randi Marie, som no veit at den eine «babyen» hennar har fått barselomsorga i orden!" avsluttar styreleiar Jon Askeland med eit smil.
Pål Hafstad Thorsen startar offisielt opp som dagleg leiar 1. oktober.