Randi Marie Berntsen Farnes i ny stilling som organisasjonssjef i Vestland idrettskrets.

Vår daglege leiar Randi Marie Berntsen Farnes går nye utfordringar i møte som organisasjonssjef i Vestland Idrettskrets. Ho tar over stafettpinnen for Knut Songve som då vil gå av med pensjon etter mange år i solid teneste for idrettskretsen.

Milena Salazar
6
.
February
2024

Foto: Janne Landås

Jon Askeland, styrerleiar i Idrettsklynge Vest, er glad på Randi Marie sine vegne. "Det er fjør i hatten både for Idrettsklynge Vest og Randi Marie sjølv som har fått tillit i denne viktige stillinga".
Randi Marie vil fortsett vere med i Idrettsklynge Vest, no som medlem i arbeidsgruppa i kraft av si rolle som organisasjonssjef. Ho ser fram til å oppleve klynga frå eit nytt perspektiv.

Les meir om tilsettinga her:

Randi Marie Berntsen Farnes ny organisasjonssjef i Vestland idrettskrets (idrettsforbundet.no)