Samfunnsinnovasjon: Vellykka arrangement under Arendalsuka 2023

Under Arendalsuka arrangerte Idrettsklynge Vest panelsamtale om innovasjon på samfunnsnivå for å skapa betre løysingar og samhandling på tvers av offentleg sektor, privat næringsliv, frivilligheit og befolkninga elles.

Pål Hafstad Thorsen
23
.
August
2023
Glad gjeng etter gjennomført panelsamtale

Utgangspunktet var innovasjonsprosjektet EnAvTi som omhandlar kommunikasjon med barn og unge rundt mat, kropp og eteforstyrringar der ein har nytta Design Thinking som metode i utviklingsarbeidet.

Helsedirektoratet framhevar eteforstyrringar hos barn og unge som ei av dei største folkehelseutfordringane i tida framover.

Sjå panelsamtalen i opptak her.

Arrangementet under Arendalsuka var i samarbeid med Alrek Helseklynge, ROS, These Ways Bergen Næringsråd og Switch. I panelet stilte Jon Askeland (fylkesordførar VLFK og styreleiar Idrettsklynge Vest), Randi-Luise Møgster (viseadmin. Helse Bergen), Monica Mæland (Bergen Næringsråd), Adelie Dorseuil i Helsedirektoratet og DigiUng, Monica Fossnes Petterson (avd. direktør og innsikt og innovasjon KS) og Marianne Håheim (interessepolitisk rådgivar i ROS). Moderatorar var Monica Hannestad (These Ways) og Pål Hafstad Thorsen (Idrettsklynge Vest).

Formålet med panelsamtalen var å samla viktige stemmer frå offentleg, frivillig og privat sektor til felles innsats for samfunnsinnovasjon generelt og eteforstyrringar spesielt. I etterkant blir det gjennomførte workshops og strategiarbeid for å ta vidare arbeidet med EnAvTi. I tillegg arrangerer Idrettsklynge Vest i samarbeid med Vestland Idrettskrets og Olympiatoppen Vest temakveld om idrett og eteforstyrringar i Bergen 20.09.23.