Seminar om osteoporose
Tysdag 24.september arrangerte møteplassen Trening og fysisk aktivitet for eldre eit seminar om osteoporose. Denne tilstanden, som også går under namnet beinskjørheit, er ein vanleg tilstand blandt eldre kvinner.
Osteoporose er ensjukdom som rammar skjelettet og som gjer at ein er meir utsett for brot. Osteoporose er svært vanleg med aukande alder, og rammar kvinner i betydeleg høgere grad enn menn. Personar med osteoporose kan ha god nytte av trening, både for å styrke skjelettet og for å forebygge fall.
Møteplassen trening og fysisk aktivitet for eldre arrangerte eit seminar om trening og fysisk aktivitet ved osteoporose 24.09.24 på HVL Campus Kronstad. Omlag tjue personer deltok, kor dei fleste var fysioterapeutar. Seminaret hadde både ein teoretisk og praktisk del og alle deltakarne fekk prøve gode og relevante øvingar. Undervisar var Brita Stanghelle, som er fysioterapeut og jobbar som førsteamanuensis ved OsloMet, og har skrive doktorgrad om trening ved osteoporotiske brudd i ryggen.