Skrivestipend for studentar

Idrettsklynge Vest lyser med dette ut 2 stipend a 50 000 kroner til masterstudentar ved UIB og HVL for å skrive si masteroppgåve om til vitskapleg artikkel på tema gaming og e-sport.

4
.
June
2021
to studenter som leser i bøker og smiler

Studentar utgjer ein særs viktig ressurs i arbeidet i Idrettsklynge Vest. Studentane er framtidas arbeidstakarar, dei er nysgjerrige og ivrige, og sit på oppdatert kunnskap. Dette er viktig for våre prosjekt.

Idrettsklynge Vest ynskjer å bygge opp under det sterke studentengasjementet i klynga. Målet er å kvalifisere framtidas arbeidstakarar i våre organisasjonar til å ta heilskaplege avgjersler, og bygge nettverk mellom praksisfeltet, utdanningsfeltet og forskingsfeltet.

Idrettsklynge Vest lyser med dette ut 2 stipend a 50 000 kroner til masterstudentar for å skrive si masteroppgåve om til vitskapleg artikkel på tema gaming og e-sport. Aktive Gamere er eit satsingsprosjekt for Idrettsklynge Vest, og desse stipenda skal vere med å bygge opp underforskingsdelen av satsinga.

Prosjekta skal munne ut i ein vitskapleg artikkel som sendast til ein fagfellevurdert tidsskrift. Vi oppfordrar også til å dele kunnskapen gjennom andre format eksempelvis ein podcast, e-læringsprogram, student og førelesar kan saman lage ei forelesning, seminarleiing, kronikk eller liknande. Her vil Idrettsklynge Vest legge til rette for å få dette til.

Formål:

  • Vitskapleg formidling av masteroppgåver.
  • Kunnskapsformidling til aktuell målgruppe på www.aktivegamere.no.

Kriterium:

  • Du har skrive masteroppgåve om tema som er relatert til gaming og e-sport
  • Har levert masteroppgåve i tidsrommet 2019-2021
  • Har tatt master ved Høgskulen på Vestlandet eller Universitetet i Bergen
  • Du har kjennskap til www.aktivegamere.no og strategien bak

Krav:

  • Sender inn vitskapleg artikkel til fagfellevurdert tidsskrift (norsk/internasjonalt) innan 31. juni 2022.
  • Lagar ei populærvitskapleg framstilling av masteroppgåva til Idrettsklynge Vest og www.aktivegamere.no innan 30. september 2021, gjerne i form av ein 2 minutters presentasjon, filma med liggande (mobil)kamera. Sørg for at minimum følgande er med: Tittel, bakgrunn, metode, resultat/konklusjon.
  • Dersom overståande krav ikkje vert overholdt, må heile beløpet tilbakebetalast. Dersom stipendmottakaren ikkje klarar å levere til oppsett frist, skal dette meldast til dagleg leiar i Idrettsklynge Vest i god tid før den opprinnelige fristen.

 

Søknadsprosess:

Aktuelle søkarar kan sende inn søknad (maks 2 sider) til admin@idrettsklyngevest.no innan 18.06.21

Søknaden må inneholde:

  • Namn:
  • Telefon nr:
  • E-post:
  • Utdanningsinstitusjon:
  • Eit samandrag av masteroppgåva:
  • Ein tekst om din motivasjon for oppdraget:

Søkarar vert vurdert av FOU-møteplassen i Idrettsklynge Vest, og dei som kvalifiserar best ut i frå krav, kvalifikasjonar og søknad vil motta eit stipend på 50 000 kroner.

Svar på søknad vil foreligge innan 2. juli 2021.
Midlane vert utbetalt frå Idrettsklynge Vest i sin heilskap når stipendmottakaren takkar ja til å motta.