Tidleg julegåve til "Paraidrett på tvers-lavterskel møteplassar"
Gjensidigestiftelsen kom måndag 13.desember med ei tidleg julegåve med støtte til prosjektet Paraidrett på tvers- lavterskel møteplassar
Gjennom arbeid i Idrettsklynge Vest har ein sett behov for å skape fleire lavterskel-møteplassar for menneske med funksjonsnedsetting. Det var derfor ein svært god nyheit då me fekk innvilga penger av Gjensidigestiftelsen.
Prosjektet er initiert og søknaden er utarbeida av fleire av aktørane i Idrettsklynge vest; Energisenteret for barn og unge- Helse Bergen, Olympiatoppen Vest og Vestland idrettskrets. Prosjektet fekk kroner 165000,- i støtte.
"«Det er veldig gledelig å få støtte til et slikt prosjekt! Vi ønsker at flere barn,ungdom og voksne skal få oppleve bevegelsesglede og det sosiale fellesskapet som idretten kan tilby, og et prosjekt som dette vil legge til rette for nettopp det»." seier Malene Joensen, Energisenteret for barn og unge
Målet med prosjektet er følgande:
-Skape lavterskel møteplasser for menneske med fysisk funksjonsnedsetting
-Tilbod som fokuserer på tryggleik i aktivitet i eit sosialt fellesskap
-Tilboda skal være i regi av idretten
-Helsetenesten skal bidra med markedsføring og rekruttering
-Erfaringsutveksling og kompetanseheving på tvers av helseteneste og idrettslag