Klynga rettar søkelyset mot eldre

Klynga brer om seg og satsar på ny tematikk i møteplassen «Trening og fysisk aktivitet for eldre».

1
.
February
2022

I førarsetet for den nye møteplassen sit førsteamanuensis Bård Erik Bogen ved Høgskulen på Vestlandet, med seg har han ressurspersonar frå Helse Bergen, Bergen kommune, Vestland fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Vestland idrettskrets.

Møteplassen skal vere eit samlingspunkt for fagmiljø innan trening, fysisk aktivitet og eldrehelse, på tvers av organisasjonar og nivå. «Fysisk aktivitet er sjølvsagt viktig for dei yngre generasjonane, men det er gjerne hos dei eldre generasjonane vi har mest å hente» forklarar møteplassleiar Bård Bogen.  «Møteplassen gir ein unik moglegheit for fagpersonar frå ulike disiplinar til å møtast og utveksle kunnskap, erfaringar og idear. Trening og fysisk aktivitet for eldre er eit stort og komplekst område, og det er heilt avgjerande at vi ser på tvers av fagdisiplinar og løfter i flokk" utdjupar Bård Bogen.

Hensikta med møteplassen er å utveksle kompetanse og erfaringar, og å synliggjere viktigheten av trening og fysisk aktivitet for eldre. Aktiviteten i møteplassen vil vere konsentrert om formidling, nettverksbygging, seminar og konkrete prosjekt. Det første prosjektet vil vere ein felles konferansen til hausten.

Visjonen er klar: Det skal leggast tilrette for aktivitet gjennom heile livet.

Om dette er av interesse for deg, ikkje nøl med å ta kontakt.
Les meir om møteplassen og dei involerte her.