Trygge Utøvere på besøk hos IL Kvernbit

Onsdag 9.mars blei temakvelden "Trygge utøvere; Hvordan tilrettelegge idrett og fysisk aktivitet for barn og unge med usynlige tilretteleggingsbehov?" gjennomført hos IL Kvernbit.

Aida Husic Dahlen
17
.
March
2022

I Knutepunkt-prosjektet Trygge Utøvere er det eit mål å bidra til auka  kompetanse om fysisk aktivitet for barn og unge med særskilte behov. Eit av tiltaka i prosjektet er difor å tilby kurs og temakveldar for idrettslag og andre som ynskjer å få auka kunnskap om korleis ein kan tilrettelegge fysisk aktivitet på ein måte som fremjer meistring og bevegelsesglede hos born og unge.

9.mars vart temakvelden "Trygge utøvere; Hvordan tilrettelegge idrett og fysisk aktivitet for barn og unge med usynlige tilretteleggingsbehov?" gjennomført i lokala til IL Kvernbit i kultursalen Meland aktiv. Temakvelden vart haldt av Emilie Slettli og Martin Håtuft Solberg fra Energiteamet PBU Helse Bergen og Erik Rustad fra Idrett Bergen sør. Dei snakka om korleis ein kan tilrettelegge idrett og fysisk aktivitet for barn og unge med ADHD, autisme og sosial angst.
Totalt møtte 23 deltakere frå åtte ulike idrettslag i Alver kommune og ett idrettslag i Bergen, frå DNT, Alver kommune og Ypsøy kystgard. Det var en engasjert gjeng som deltok og kom med mange gode innspel og erfaringar.

Temakvelden er støtta økonomisk fra Vestland fylkeskommune.

Ynskjer du ein temakveld til ditt idrettslag? 
Sjekk ut kursoversikta til Trygge Utøvere og ta kontakt med post@tryggeutovere.no