Vi skriv historie
Torsdag 15.04 signerte dei 8 aktørane avtalen som forpliktar dei til vidaresamhandling gjennom organisasjonen Idrettsklynge Vest også i framtida. Ein stor milepæl i samarbeidet.
Vestland idrettskrets, Vestland Fylkeskommune, Bergen kommune, Helse Bergen, Olympiatoppen Vest, Sportsklubben Brann, Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen. Store og sterke kvar for seg, større og sterkare saman. Styrke i samspel kallar vi det. «Dette er ein juvel for idretten, for god folkehelse og for fylket vårt» seier fylkesordførar som har leia styringsgruppa i Idrettsklynge Vest fram til den nye avtalen og den nye organisasjonsforma. «Åra som har gått har vist at vi har alt å vinne på å samarbeide når det kjem til dette feltet. Samfunnet må sjåast i samanheng, og det klarar vi fantastisk bra gjennom Idrettsklynge Vest. Her har vi dei faste møteplassane som strukturerar oss i samhandlinga, som utnyttar ressursane og som gir grobotn til gode felles prosjekt, på tvers av både fag og organisasjon. Gjennom Idrettsklynge Vest stiller vi sterkare når det gjeld å løyse dei vanskelege oppgåvene ein kvar for seg ikkje klarar å løyse aleine» seier Askeland.
Det mangla ikkje på gratulasjonar, gode ord og lyse tankar om framtida då avtalen som var planlagt å signerast fysisk på Brann stadion måtte, som så mykje anna, omgjerast til ei digital affære der applausen regna over skjermen.
Idrettsklynge Vest blir no etablert som eit ideelt AS der Vestland fylkeskommune, Vestland idrettskrets, Bergen kommune og Helse Bergen går inn som aksjonærar, medan SK Brann, Olympiatoppen Vest, Høgskulen på Vestlandet og Universitet i Bergen er med som samarbeidspartar. Alle regulert gjennom ein felles samarbeidsavtale.