Vidareføring av prosjektet "Team Sterk"
Gjennom eit intiativ frå møteplassen Knutepunktet i Idrettsklynge Vest, har Idrett Bergen Sør, Fana IL og Idrettsklynge Vest våren 2021 pilotert eit lågterskel styrketreningstilbod for ungdommar med usynlege behov.
Prosjektet, som har fått namnet «TeamSterk», har hatt som hovudmål å bruke rettleia gruppebasert styrketrening som ein arena for meistring, trivsel og fellesskap. Målgruppa er ungdommar i alderen 13-16 år om er under oppfølging av skulehelsetenesta, kommunehelsetenesta eller spesialisthelsetenesta, og som har usynlige utfordringar, for eksempel angst, utanforskap eller begynnande skulefråfall. Styrketreningstilbodet legg til rette for at deltakarane på sikt kan opparbeide seg nok kunnskap og tru på eigne evner til å kunne gjennomføre trening i idrettslaget sitt styrkerom på eigahand eller saman med ein treningskamerat, eller til å ville delta i andre aktivitetstilbod i idrettslaget. På denne måten er treningstilbodet eit mellomledd og ein trygg overgang frå helsetenesta til det ordinære idrettstilbodet. Team Sterk kan med andre ord vere eit viktig ledd i å sikre at målgruppa finn seg til rette i aktivitet og kan oppleve langvarig aktivitetsglede.
Prosjektet har også ei rekke spennande delmål. Blant anna er ei av målsetjingane at modellen til «Team Sterk» skal kunne overførast til andre idrettslag som ynskjer å starte opp eit liknande tilbod. I samarbeid med Knutepunktet skal det difor utarbeidast ein rettleiarar for framtidige instruktørar og trenarar. Du kan få rettleiaren tilsendt ved å sende ein mail til post@tryggeutovere.no. og vil innhalde tip til idrettslag som har lyst å st sitt eige «Team Sterk».
Prosjektet er i fyrste omgang meint å vare fram til sommaren, men målet er å kunne vidareføre tilbodet i haust ved hjelp av ekstern finansiering. Det er difor gledeleg å kunne bekrefte at prosjektet har fått støtte til vidare drift frå Vestland fylkeskommune sin stønadsordning «Lågterskel fysisk aktivitet for barnog unge» med heile 150 000 kr, og frå Sparebanken Vest sitt "Ildsjelfond" med 60 000 kr. Midlane vil sørge for vidare framdrift i det unike prosjektet, og vil sikre at treningstilbodet kan driftast av instruktørar med høg kompetanse og erfaring med målgruppa. Midlane vil også sikre at deltaking i treningsgruppa framleis kan vere gratis. Treningstilbodet vil vidareførast av Fana IL i samarbeid med Idrett Bergen Sør, med god støtte frå Vestland Idrettskrets, Energisenteret for barn og unge, Knutepunktet og Idrettsklynge Vest.
Følg med på Trygge Utøvere for meir informasjon om prosjektet. Her finn du også fleire tips og råd til korleis du kan tilrettelegge aktivitet for barn og ungdom med usynlege behov.