Viktig forsking frå masterstudentar presentert på Lærernes dag

Studentane som fikk skrivestipend frå FOU møteplassen i Idrettsklynge Vest for å skrive masteroppgåva si om til vitskapleg artikkel presenterte sine funn på Lærernes dag til stor glede for mange.

2
.
February
2022

Saman med førsteamanuensis (UIB, IGS) Silje Mæland presenterte Regina Hamre og Karolin Elisabeth Moberg  rykande fersk forsking om gaming, søvn og skuleprestasjonar.

Regina har studert helsefremjande arbeid og helsepsykologi ved UIB og leverte i 2021 oppgåva si om gaming og søvn. Karolin  har studert sosiologi ved UIB og leverte i 2021 oppgåva si om guttar, skulearbeid og dataspill.

"I dag er eg så utrulig stolt... Her har vi studentar som dekkar kunnskapshol, står i front for å fremje forsking på eit særs samfunnsaktuelt felt, og måten dei formidlar det på er beundringsverdig", seier Silje Mæland, leiar av FOU møteplassen i Idrettsklynge Vest.

Silje Mæland innleia det heile med å fortelje kor viktig det er å utvikle kunnskapsfeltet innanfor gaming og e-sport. "Det er stor sult for kunnskap på tema gaming og e-sport der ute i samfunnet, spesielt viktig er det at vi fremjer meir positiv forsking på feltet, og knuser nokon av mytene som er der ute " fortel ho. Gjennom Aktive Gamere møteplassen har Idrettsklynge Vest skapt ein ideell arena for å løfte opp utfordringar på tvers av akademia, helse, idrett og det offentlige. "Dette er starten på noko virkelig bra, og det er fantastisk at vi kan engasjere studentar i arbeidet med kunnskapsutvikling" Som eit resultat at satsinga på studentar er det no etablert ei studentkollokvie innan gaming og e-sport der master og bachelor studentar kan få utveksle kunnskap, erfaring og inspirere kvarandre. "Vi håpar det kjem mange fleire studentar som vil skrive om temaer tilknytta gaming og e-sport i framtida" avsluttar Silje.

"Eg er utrulig takknemleg for denne sjansen eg har fått gjennom Idrettsklynge Vest, og at dei ser verdien vi studentar har i ein forskingsamanheng", seier Karolin Elisabeth  Moberg. " Dette får meg til å ville jobbe meir med feltet og produsere meir kunnskap til det beste for både gamerane og forvirra foreldre" smiler Karolin.

Regina Hamre seier seg einig: "Å få kick-starta si akademiske karriere ved å publisere masteroppgåva er sjølvsagt positivt for meg, men det aller viktigaste er at vi kan bidra til å få opp kunnskapsnivået på feltet".  

Anbefalar også å sjå innlegget om Gaming, søvn og skuleprestasjonar frå Lærernes dag her: