Vil du arbeide med oss?

No er stillingane som Energikonsulent utlyst, og vi er på jakt etter de perfekte kandidatane.

Lars Peder Vatshelle Bovim
13
.
April
2021
Ein visuell beskrivelse av forløp med Energikonsulent. Møte i helsetjenesten, følge inn i aktivitetet, til slutt sjølvstendig aktivitet utan følge

Som tidlegare beskrive er vi so heldige at Stiftelsen DAM har sett potensiale i prosjektet der vi ynkjer å sikre at barn og unge med særskilte behov skal kunne delta, trivast og oppleve fellesskap i eigna organisert aktivitet i sitt nærmiljø på lik linje som jevnaldrande. Dette planlegg vi å gjere gjennom eit team beståande av tre Energikonsulentar som er ansatt i kvar sin organisasjon,men har tett dialog med kvarandre og kan sjå på tvers av sterke organisatoriske skiller.

Etter at tildelinga var ein realitet har det vore aktiv møtevirksomheit for å konkretisere innhald og plassering av stillingane, og no er stillingane utlyst!

Kanskje er nettopp DU den Energikonsulenten vi treng? Søk då vel!

Bergen kommune - Etatfor barn og familie (Søk her)

I Bergen kommune har vi valt at Energikonsulenten i prosjektperioden skal vere del av Forvaltningsenhet tjenester til barn og unge. Forvaltningsenheten har ansvar for å behandle søknader og fatte vedtak om helse- og omsorgstjenester til barn under 18 som har utfordringer med psykisk helse, og og tilbyr kjente tenester som støttekontakt, avlastningstilbod og omsorgsstønad. Energikonsulentane vert her eit tilskot til den heilhetlege tilnærminga, og vegen til behandlarne i kommunen vert forhåpentlegvis kort.

Helse Bergen -Energisenteret for barn og unge (Søk her)

I Helse Bergen har vi valt at Energikonsulenten i prosjektperioden skal vere del av Energisenteret for barn og unge. Energisenteret har som mål å auke meistring og fellesskap gjennom fysisk aktivitet og forskning for barn og unge med særskilte behov. Energisenteret server både somatiske og psykiatriske avdelingar, og Energikonsulentane går inn som ein av Energisenteret sine viktigaste tilbod til behandlare i spesialisthelsetenesta.

Vestland Idrettskrets- Fagkonsulent Paraidrett (Søk her)

I Vestland Idrettskrets har vi valt at Energikonsulenten i prosjektperioden inngår som del av stab, men skal ha tett dialog og samarbeid med Fagkonsulent Paraidrett. I norsk idrett skal det vere plass til alle, og Vestland Idrettskrets har høg kompetanse kring det å finne ein idrett og eit tilbod som er tilpassa den enkeltes forutsetningar og ambisjonar.

Vi trur og håpar at denne kombinasjonen av plasseringar skal gjere at teamet er særs godt rusta til å kome i kontakt med dei borna og ungdommane som kan ha nytte av ein sosial mestringsarena i idretten, og at teamet er tett på miljøa som trengs for å gjennomføre det viktige arbeide dei skal i gong med.