Vil du lære meir om Trygge Utøvere?

Trygge Utøvere har som mål at born og unge med særskilte behov skal oppleve bevegelsesglede, meistring og tryggleik i fysisk aktivitet, slik at alle trivast på trening og opplev fellesskap med kvarandre.

8
.
April
2021
Trygge Utøvere

Ein nettressurs for aktivitetsleiarar og trenarar

I november 2020 vart nettressursen www.tryggeutovere.no lansert.
Nettsida gjev deg som er aktivitetsleiar, trenar, lærar,helsepersonell, mor, far, søsken … ja … deg som er opptatt av fysisk aktivitet for barn og unge – tips og triks til korleis du kan møte barn og unge medsærskilte behov i aktivitet og idrett.

Dessverre la korona-situasjonen ein dempar på ambisjonane om å ha praktiske «TryggeUtøver»-kurs i vår.
Som eit plaster på såret er det difor utarbeida ein digital kompetansepakke for deg som vil lære meir om Trygge Utøvere.
Kvar veke i ei tid framover vil du kunne få tilsendt nyhetsbrev med gode tips og råd til aktivitetsøkta.
Her vil du kunne lytte til, lese om,sjå på og diskutere dine erfaringar og spørsmål knytta til utøvaren med usynlige behov.

                     

                            Lytt til Podcasten Trygge Utovere her.

                            Meld deg på Digitale Diskusjonskveldar her.

                            Meld deg på Trygge Utøvere sitt nyhetsbrev her.

Alt materiale er utarbeida saman med dyktige, kompetente og erfarne ressurspersonar i idretten, i helsevesenet og i frivillige organisasjonar.

Du finn også filmar, tekstmateriale, podcast og informasjon om digitale kurskveldar på Trygge Utøvere og på facebook-sidene til Idrettsklynge Vest.