Knutepunktet goes international!

Møteplassen Knutepunktet har vore på forskningskongress i Krakow! Her får du eit lite reisebrev frå turen.

Malene Joensen
19
.
October
2024
Vegard held presentasjon

Hugsar du Knutepunkt-prosjektet Energikonsulentar

Dette var eit prosjekt kor ein testa ein ut korleis kortvarig oppfølging på tvers av kommuneteneste, sjukehusteneste og idrett, kunne støtte barn og unge med helseutfordringar inn til meistringsopplevingar og langvarig deltaking i idrett. Her finn du sluttrapporten til prosjektet.

Denne veka har tidlegare Energikonsulent, Vegard Sandven (Helse Bergen) og møteplassleiar i Knutepunktet, Lars Peder Bovim (Helse Bergen), presentert erfaringar frå prosjektet på den Europeiske Ergoterapikongressen. Kongressen vart i år arrangert i Krakow, var den fyrste av sitt slag, og hadde temaet "Future-proofing Occupational Therapy".

Lars Peder Bovim (t.v) og Vegard Berge Sandveen (t.h.) in action! 

Saman med Knutepunktmedlem Tove Bergan (Bergen kommune), sendte Vegard og Lars Peder inn eit samandrag av prosjektet til konferansen. Samandraget (abstraktet) vart valgt ut til å vere ein muntleg presentasjon under ein av kongressen sine parallelsesjonar. Til tross for at presentasjonen difor blei haldt samstundes med andre spennande presentasjonar, var det mange kongressdeltakarar som valgte å høyre meir om Energikonsulent-prosjektet.

Også etter presentasjonen var engasjementet rundt prosjektet stor. Vegard fortel: 

Det har faktisk vore interesse frå ei rekke ulike land. Særleg har dei vore imponert over og nysgjerrige på korleis vi har klart å samarbeide på tvers av både profesjon, organisasjon og sektor. Det viser kor unikt samarbeidet i Knutepunktet og Idrettsklynge Vest er.

Lars Peder er også fornøgd med interessen for prosjektet, og legg til: 

Det viser også at det er viktig at vi er ute og delar dei erfaringane vi har, og lærer av kvarandre! Også på tvers av landegrenser! 

Og ikkje berre har dei delt sine erfaringar med andre - dei har også fått med seg litt "i sekken" heimover igjen. Her er deira tre "take homes" frå konferansen: 

  1. Vi tek med oss at Idrettsklynge Vest-prosjektet skapar interesse hos ergoterapeutar i Europa, som misunnar vårt samarbeid på tvers av profesjonar, organisasjonar og nivå.
  2. Ergoterapeutar i Europa klynger seg! Denne kongressen var første gong dei tre store ergoterapiorganisasjonane samla seg - på tvers av praksis, utdanning og forsking.
  3. Future-proofing Occupational Therapy: Vi registrerer at helseprofesjonar kjem nærare kvarande gjennom eit ønske om å sjå heilskapen rundt pasientane. Dette understrekar Vegard at ergoterapeutar alltid har gjort! 

Vi takkar for reisebrevet, og ser fram til å få fleire spennande klynge-prosjekt ute i den store verda!